NRK Meny
Normal

Unntakstilstand i Naustdal

Den nye rådmannen i Naustdal varslar no økonomisk unntaktstilstand i kommunen.

Naustdal
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Anna Elisa Tryti seier gjeldssituasjonen i kommunen er blant dei dårlegaste i landet.

 

- Eg har invitert til parolen: Unntakstilstand og utvikling.

Skikkeleg hestekur

Ho har no sendt ut melding til tilsette og innbyggjerar om at dei må bu seg på ein skikkeleg økonomisk hestekur. Etter berre nokre veker i stolen seier ho klart i frå at det blir svært tøffe tider i Naustdal kommune framover. Det er tydeleg at ho ikkje likte det ho såg då ho gjekk gjennom økonomien.

- Det er ein svært alvorleg situasjon for Naustdal kommune, det er vel den kommunen i Sogn og Fjordane som er desidert verst stilt, og ein av dei kommunane i landet som har høgast gjeld i forhold til driftsbudsjettet.

Møte med Fylkesmannen

Som eit resultat bad rådmannen og ordføraren sjølve om eit møte med Fylkesmannen. Fylkesmannen lova då hjelp til Naustdal gjennom skjønsmidlar dersom dei kan vise til handfaste resultat i løpet av to år.

- Det betyr at vi legg opp til eit overskot på fire millionar kroner årleg, og det er tøft for ein kommune som i utgangspunktet har problem med å gå i balanse.

Får hjelp, men berre no

Men det berre no dei har sjansen, for Fylkesmannen skriv svart på kvitt at dei ikkje kan pårekne slike midlar etter 2007/2008.

- Det er to år no der Naustdal har sjanse til å kome seg ut av den økonomiske hengemyra kommunen har vore i lenge.

Tøft for skule og omsorg

Og dei som vil merke hestekuren mest er skule- og omsorgssektoren.

-  I vår kommune som i andre kommunar er det desse sektorane som har dei største lønsbudsjetta, og lønsbudsjetta tek over 70 prosent av økonomien ti kommunen.

Ordførar Jan Herstad seier det er no dei har sjansen. Også han varslar tøffe tider i Naustdal kommune.

- Det er først og fremst dei tilsette som truleg mest vil merke at kommunen er i ein økonomisk pressa situasjon.

 

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå