I desember oppstår det dobbelt så mange bustadbrannar som elles i året.
Brannvesenet og Etrygg utfører «Aksjon bustadbrann», der dei sjekkar branntryggleiken i private bustadar.
Dei gir enkle tips til korleis du kan vere mest mogleg trygg mot brann i juletida.
Ingeniør i Førde kommune, Torill Anita Segtnan, har tips til korleis ein kan sikre seg best mogleg mot bustadbrann.
Dette bør du tenke på:
1. Sjekk brannsløkkingsapparat
HA TILGJENGELEG: Alle i husstanden bør vite kor apparatet er.
Foto: Marte Iren TrøenPulverapparatet bør du snu og vende, og høyre etter om det rislar.
2. Test røykvarslaren
PIPELYD: – Pipelyden må du høyre, seier Torill Anita Segtnan.
Foto: Marte Iren Trøen / NRKSjekk at det pip i varslaren og bytt gjerne batteri.
3. Sikringsskåpet
Sjå at alt er i orden med jordfeilbrytaren. I enkelte sikringsskåp kan du teste den.
4. Merk deg rømmingsvegar
Merk deg alle rømmingsvegar og avtal møteplass ute. Hald gjerne brannøving med familien.
BYTT BATTERI: Test at røykvarslaren fungerer før juletida set inn.
Foto: SCANSTOCK / SCANSTOCK5. Julelysa
Ikkje gå frå levande lys eller julebelysing. Lysa skal slukkast når du forlèt huset og om natta.