NRK Meny
Normal

Ordføraren stolt over å sjå gatene komme på «notabenelista»

– Det er nesten rart og flott å få oppleve, seier riksantikvar Jørn Holme som i dag kom til Eid for å ta vare på noko av den unike trehusbusetnaden på Nordfjordeid.

Riksantikvar Jørn Holme og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

NØGD: Riksantikvar Jørn Holme og ordførar Alfred Bjørlo (V), her i rolla som den historiske personen Samuel Kjøsnes, på vandring gjennom Nordfjordeid. – Det er nesten rart å flott å få oppleve eit bymiljø i ein tettstad, men også ulike bygningar frå ulike stilartar og epokar, seier Holme.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eit unikt Nordfjordeid er komen i Riksantikvaren si nasjonale NB-register, eller «Notabeneliste», som riksantikvar Jørn Holme kallar det.

Registeret omfattar 76 byar eller tettstader, der spora etter 1.000 års byhistorie er kartfesta. Her i fylket har Nordfjordeid selskap av Florø, Høyanger og Lærdalsøyri.

– Det spesielle med Nordfjordeid er at ein har tre ulike område, Eidsgata, Tverrgata og storgården Myklebust med gravhaugane og kyrkja, der historia faktisk går tilbake til før Kristus, seier Holme.

Stolt ordførar

Kring 30-40 personar følgde Holme, Janne Endal Andersson og ordførar Alfred Bjørlo (V) på ei kulturhistorisk vandring gatene. Då tettstaden sin inntreden i NB-registeret vart markert, møtte 70-80 opp for å få med seg snorklyppinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksantikvar Jørn Holme og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

GRAVHAUG: Riksantikvar Jørn Holme (t.h.) og ordførar Alfred Bjørlo (V) på den gamle gravhaugen i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar Bjørlo, for høvet i rolla som fanejunker Samuel Kjøsnes, var stolt der han geleida riksantikvaren gjennom over 1.000 år samanhengande historie på eit lite sentrumsområde.

– No får vi løfta opp det unike med tettstaden Nordfjordeid inn blant dei nasjonale kulturverdiane som er verd å ta vare på og som er av nasjonal betydning, seier Bjørlo.

Unik eksersisplass

Eid kan vise til eksersisplass frå 1600-talet, Eidsgata frå 1800-talet og storgarden Myklebust med historie tilbake til vikingtida.

– Dei fortel om tre heilt unike historier. Sjølv om vi har liknande bygningsmiljø i mange av våre tettstader og byar, som her i Eidsgata, så har vi ikkje den spennande militærhistoria så godt synleg lenger. Eksersisplassen er den best bevarte militære eksersisområdet i Norge, fortel Holme.

– Lettare å ta vare på

Riksantikvaren har kartlagt over 230 område i jakta på dei 76 byar og tettstader som vert rekna for å vere av nasjonal interesse. Ordførar Bjørlo presiserer at både Eidsgata og Tverrgata er bygningsvernområde frå før.

Han trur ikkje bygningane no blir vanskelegare å ta vare på.

– Snarare tvert imot. Dette betyr ikkje noko nye vernepålegg. Det einaste nye no er at det vil bli lettare for huseigar å få finansiering til å gjere ting med bygningane, seier han.

Bruk og vern

Holme legg til at det er viktig for både kommune og huseigar å komme tidleg i dialog med vernestyresmaktene om det skal gjerast endringar.

– Du får utvikling og du får endring, men på kulturminnene sine premissar, seier riksantikvaren.

Bjørlo viser til si side på Eksersisplassen som frå før er eit nasjonalt viktig område. Førre helg gjekk rockefestivalen Malakoff av stabelen der.

– Der var det 12.000 innom og 5.000 som overnatta. Eit prima døme på at bruk og vern kan passe som hand i hanske. Det treng vere noko motsetnad mellom bruk og vern, avsluttar han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.