NRK Meny
Normal

Annelin (15) fekk besøke siste attlevande etter Holocaust

Annelin Værøy på 15 år frå Florø fekk besøke siste attlevande frå Norge etter deportasjonen til Auschwitz. – Det var som å møte ein bestefar, seier Værøy.

Annelin Værøy fekk besøke Samuel Steinmann

UNIKT BESØK: – Som ein bestefar! 91-åringen Samuel Steinmann får tallause førespurnadar om å ta i mot besøk men gjer det sjeldan. 15-åringen Annelin Værøy

Foto: Privat

Historia om korleis det unike besøket kom til starta for halvanna månad sidan då 15-åringen Annelin Værøy las boka "I slik en natt". Boka handlar om deportasjonen av jødar frå Norge under andre verdskrig.

Ivrig på å finne svar

– Heilt bakarst i boka stod ei liste over alle jødane som vart deporterte. Eg skreiv ned namna på alle som alle overlevde, og då fann eg ut at Samuel Steinmann fekk ein pris i 2012 som 89 år gamal. Så prøvde eg å finne ut om han framleis lever i dag og det gjorde han.

(Saka held fram under bilete)

HOLOCAUST SAMUEL STEINMANN

EINASTE ATTLEVANDE: Samuel Steinmann er den siste attlevande etter deportasjonen etter andre verdskrig.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Værøy jobba intenst med å finne ut meir om den einaste overlevande etter deportasjonen etter andre verdskrig. Ho gjekk resolutt og direkte til verks.

– Eg ringde til han, og fekk stille han nokre spørsmål. Det var veldig hyggeleg. Han var som ein bestefar for meg.

Værøy snakka med Steinmann tre gongar for å få stilt alle spørsmåla ho hadde på hjartet. Til slutt inviterte han henne til Oslo for å helse på. Den sjansen hadde ikkje den historieinteresserte 15-åringen tenkte å la gå frå seg.

– Eg er veldig glad i å snakke med folk og eg hadde så lyst å snakke med han for eg kom til å angre seinare viss eg ikkje hadde fått det til.

Måtte overtale foreldra til å reise

Værøy er med sine 15 år så ung at ho treng godkjenning frå foreldra til å reise. Foreldra var ikkje heilt overtydde om at det var ein god idé å reise på besøk til ein så gammal mann som kunne vere både sjuk og traumatisert. Men dottera overtydde dei og dermed la dei av stad til Oslo.

Steinmann brukar ikkje å ta i mot besøk verken av media eller andre. Men Værøy trur det har med hennar genuine interesse å gjere.

– Om våren blir Steinmann ofte kontakta av elevar som skal skrive særoppgåve om han. Men eg var meir interessert i han og ikkje å få ein god karakter på ei oppgåve. Det at eg kontakta han hadde ikkje noko med skulearbeidet mitt å gjere, det gjorde eg på fritida.

Korleis var det å treffe han?

– Det var heilt fantastisk å møte han. Han hadde ei venninne på besøk. Dei hadde kjøpt bollar og vi drakk te og kaffi. Vi snakka om meg og det som skjedde etter han var kommen heim att.

Spent før møtet

Etter å ha leita seg fram til huset til Steinmann via GPS var ho spent før ho skulle ringe på døra.

– Eg var så spent. Eg måtte ta nokre rundar med meg sjølv før eg våga å ringe på. Men så stod han der, med eit smil om munnen. Det som overraska meg var at han var så liten. Eg hadde førestilt meg at han var mykje høgare.

– Men han var veldig koseleg å snakke med. Eg var der i halvanna time. Det som gjorde sterkast inntrykk under besøket var då han viste meg fangenummeret som er tatovert på armen. Eg fekk så vondt i meg. Då kjendest det som om det var meg som stod der i Auschwitz og skulle bli stempla for livet, det var utruleg sterkt.

Vil formidle vidare historia

Møtet med Steinmann har gjort sterkt inntrykk på 15-åringen og gjeve henne ei rik erfaring vidare.

– Eg synest det er kjekt at eg har klart å få møte han. Så eg er glad eg gjorde det.

– Eg trur ikkje eg kjem til å møte han fleire gongar. No er eg i ferd med å skrive eit brev til Steinmann for eg fekk dårleg tid på slutten og fekk ikkje takka skikkeleg for meg. Så i brevet takkar for møtet, og at det var spesielt at eg fekk komme.

Møtet gjorde så sterkt inntrykk at ho ønskjer formidle det til fleire.

– Eg har veldig lyst å halde eit foredrag for dei foreldra som ikkje fekk vere med på tur til Polen og Auschwitz. Eg heldt eit foredrag før eg møtte Steinmann men no vil eg gjerne halde eit nytt for klassen, seier Værøy.

Norsk dokumentar. 
Før krigen levde det drøyt to tusen jøder i Norge. I dag er bare et fåtall i live. Fem av dem forteller sin historie i denne dokumentaren.To kvinner og tre menn henter sine minner opp til overflaten i en rystende, men nøktern beretning.

VIDEO: Sjå dokumentaren Holocaust - Tidsvitner, der mellom anna Jo Benkow (biletet) og Samuel Steinmann var med.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå