NRK Meny
Normal

Unik sorteringsmaskin kvalitetssikrar 12000 morellar i timen

Lærdal har landets mest avanserte morellpakkeri. Ei unik maskin, som fotograferer kvar morell 27 gonger, sørgjer for at det berre er dei beste bæra som blir sende ut i butikkane.

Bad bad cherry

UT: Ikkje alle morellane slepp gjennom nålauget, og nokre blir kasta for godt, medan andre blir fryst ned i håp om å bli brukt til andre spanande produkt, til dømes øl.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Maskina gjev oss ein kjempefordel. Vi kan levere nøyaktig kvalitet i høve det kundane vil ha. Morellane blir sortert og merka slik at det er enkelt å vite kva som bør sendast til Nord-Norge og kva som bør kome raskt ut i butikk, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Sorteringsmaskina har dei hatt i drift i to år, og investeringa til eit par millionar kroner gjer det mogleg å pakke 1000 kilo eller 12 500 morellar i timen. Sesongen er inne i sine siste dagar, og til no har 140 tonn gått gjennom maskina. Det er rekna at dei 20 siste tonna blir pakka i løpet av helga og dei næraste dagane.

Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt

KVALITET: Sorteringsmaskina gjer det mogleg å leve nøyaktig kvalitet, seier Harald Blaaflat Mundal ved Lærdal Grønt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Nøyaktig kontroll av kvart eit bær

– Det er den mest avanserte pakkemaskina i landet. Det finst andre som kan sortere på farge og storleik, men dei klarer ikkje å ta vekk dei dårlege på same måte som her, seier Mundal.

Når morellane kjem inn blir dei forsiktig tømt over i eit vassbad som held 0.8 grader. Temperaturen er viktig for at dei skal halde seg så kjølige som mogeleg gjennom heile prosessen. Så blir morellane frakta på band gjennom systemet. På vegen må dei innom ein stilkkuttar, som sørgjer for at morellane ikkje heng saman to og to når dei skal til fotografering.

- Det blir teke 27 bilete av kvar morell, frå alle moglege vinklar. Ut ifrå bileta kan vi sortere på storleik, farge, og vi oppdagar om det er sprekkar, mjukheiter, og om den har brun stilk eller manglar stilk, fortel Mundal.

Satsar på spanande prosjekt til vinteren

Nokre av morellane når ikkje gjennom nålauget i kontrollen og må kastast, medan andre igjen blir fryste ned.

– Sjølv om dei er gode og ser fine ut no, så kan det vere eit mjukt område rundt stilken som gjer at dei ikkje vil vere bra når dei kjem ut i butikk. Då blir dei fryste ned, og så har vi nokre idear på lur om kva vi kan bruke dei til når vinteren kjem. Ægir har mellom anna laga eit morelløl frå Lærdal, seier Mundal.

27 bilete blir tekne av kvar morell i maskina.

STUDIE: 27 bilete blir tekne av kvar morell i maskina. Blått markerer at det er ei sprekke, medan lilla markerer at det er eit mjukt område.

Foto: Lærdal Grønt

Då maskina vart kjøpt inn reduserte ein talet på tilsette i pakkeriet frå 30 til 16. Det er først og fremst polske arbeidarar som kjem att år etter år for å vere med i dei hektiske vekene morellsesongen står på for fullt.

– Siste sorteringa skjer ved samlebandet, då tek vi ein manuell sjekk av det som kjem ut frå maskina. Så blir morellane delte i lyse og mørke, der dei lyse kan sendast langt, medan dei mørke ikkje bør legge ut på noko lang reise før sal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå