Unik bru er opna for trafikk

Det var duka for folkefest då Brandangersund bru offisielt vart opna like før klokka 12.30 i dag. Tre øyar er dermed landfaste.

Bruopning i Gulen

FOLKEFEST: Bygdefolket møtte mannsterke opp for å markere at ventetida er over.

Foto: Simon Solheim / NRK

Brandangersundbrua
Foto: Birger Meland (mms) / NRK

– Då har eg den store glede og ære å erklere fylkesveg 4 Sløvåg – Ånneland for offiselt opna, erklærte fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) etterfølgt av Ja vi elsker, torsdag ettermiddag.

700 fastbuande

I september vart hovudspennet løfta på plass i Brandangersundet og i dag var bygdefolket kledde til fest. Omlag 700 innbyggjarar på øyane Sandøy, Mjømna og Byrknesøy slepp no å ta ferje til Sløvåg. Området er også mykje nytta av hyttefolk, spesielt frå bergenskanten.

Brua skriv dessutan Norges-historie. Den er den største nettverksbogebrua i landet.

Artikkelen held fram.

Bruopning i Gulen

OFFISELT OPNA: Fylkesordførar Nils R. Sandal vart flankert av regionvegsjef Olav Ellefseth og ordførar Trude Brosvik då han erklærte Brandangersundbrua i Gulen for opna.

Foto: Simon Solheim / NRK

Takka bruforkjemparane

I sin opningstale takka fylkesordføraren eldsjelene som har stått på og kjempa for å få realisert fastlandssambandet.

– Eg vil uttrykke takknemnd og respekt til alle dei eldsjelene i dette området som hadde tru på ein tanke for mange tiårsidan. Dei trudde, stod på og venta og venta. Og så har mange av dykk fått oppleve denne dagen. Eg veit mange av dykk er her i dag, sa Sandal.

Han håpar vegutløysinga skal gi vekst i Gulen.

– Til slutt vil eg ønskje dykk lykke til med håp og tru om at dei forventningane som de har til dette vegprosjektet vil bli realisert. At vi får oppleve ytterlegare vekst og framgang i dette viktige området, utført av de driftige som bur i dette området. Takk skal de ha, sa fylkesordføraren i sin opningstale.

Artikkelen held fram.

Brandangersundbrua

ENDELEG LANDFASTE: Innbyggjarane på tre øyar slepp å ta ferje til Sløvåg når Brandangersundbrua no er opna for trafikk.

Foto: Birger Meland (mms) / NRK

Smekker bru

Brua er til saman 285 meter lang, og det raudbrune hovudspennet er på 220 meter. Brutypen vert kalla nettverksbogebru med kryssande hengestenger, på grunn av stålvaierane som kryssar kvarandre mellom bogen og køyrebana.

Prosjektleiar Aril Hanekamhaug i Statens Vegvesen fortel at det er ei spesiell bru som no er på plass.

– Det er ingen anna brukonstruksjon som treng så lite materiale – anten stål eller betong – som denne brua. Dette gjer at det er ein veldig smekker konstruksjon, fortel Hanekamhaug i ei pressemelding.

Artikkelen held fram.

Brandangersundbrua

SPESIELT DESIGN: Den slanke brua over Brandangersundet er den største i sitt slag i Norge.

Foto: Birger Meland (mms) / NRK

Har anane i fylket

Han seier vidare at noko anna som er særeige med brua, er at det aldri før har vorte løfta på plass ein så stor seksjon av nokon brutype. Og brua er ikkje berre laga og plassert i Sogn og Fjordane, ho har også anane sine her i fylket.

– Brutypens far, Per Tveit, er opphaveleg frå Askvoll, men reiser no verda rundt og held føredrag. Han kjem også til bruopninga i Gulen og får høvet til å fortelje om brukonstruksjonen under festlunsjen i Skjerjehamn. .

Tynn køyrebane

Grunnen til at akkurat denne brutypen vart valt for å binde saman fastlandet og Sandøy, er at Kystverket kom med krav om at det måtte vere 18 meters seglingshøgd i 50 meters breidd under brua. For å kome ned att opphaveleg terreng utan store og skjemmande fyllinger, måtte det ein brukonstruksjon med tynn botn til.

– Køyrebana på brua er støypt i betong, og ingen annan brukonstruksjon har så tynn botn. Dette gjorde at vi fekk den seglingshøgda vi skulle ha, samstundes vi nådde opphavleg terreng der vi ville, seier Hanekamhaug.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.