NRK Meny
Normal

Jaktar damer ved hjelp av rundballar

– Slettes ikkje mitt påfunn, fortel Håvard Ruud (18) frå Alsmo i Jostedalen. Han legg skulda for den uvanlege kontaktannonsen på broren og naboen.

Ungkar på rundballar

JAKTAR KJÆRAST: Håvard Ruud fekk i dag ei noko ufrivillig kontaktannonse på broren sin gard.

Foto: PRIVAT

– Eg har budd på garden til bror min i vinter. Han tykkjer det har vore lite jenter innom. Saman med naboen kom han i vår på ideen om ei annonse på rundballane, og då var dei særs nøgde. I dag vart altså ideen gjennomført, ler Håvard Ruud.

Bilete av rundballane går no viralt på sosiale medium. Sjølv nektar 18-åringen for at han har noko med ideen å gjere.

– Eg har høyrt om ideen, men eg har ikkje uttrykt noko ønske om det her.

Null respons så langt

Førebels har annonsen gitt dårleg utteljing, men Ruud ser ikkje vekk frå at det kjem telefonar i løpet av kvelden.

Håvard Ruud

SPENT: Håvard Ruud er usikker på om annonsen kjem til å fungere.

Foto: Håvard Ruud / PRIVAT

– Eg har vore utan dekning, så førebels har det ikkje kome noko respons. Men vi får no sjå utover kvelden. Eg veit ikkje om det kjem til å fungere.

Eitt poeng vil den unge sjekkaren framheve til eventuelle friarar. Han fryktar at fargen på rundballane kan virke misvisande.

– Eg må poengtere at sjølv om dei har brukt rosa rundballar så er eg ikkje på jakt etter gutar, seier Ruud.

Likar seg godt i friluft

18-åringen trur bruk av rundballar til å formidle anten kontaktannonsar eller andre ting er ei trend som er komen for å bli.

– Det er jo ein fin måte å fortelje ting på, det er jo mange som ser rundballane.

Og når han no får moglegheita til å fortelje endå meir om seg sjølv, så nyttar han sjølvsagt den.

– Eg kjem frå Jostedalen, og blir 19 år i neste veke. Eg er lærling på Luster Energiverk. Likar meg godt ute, og elles dunkar på med mitt, ler Ruud.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.