Hopp til innhold

Unge menn stal prestekjole

Natt til onsdag hadde Vangen kyrkje i Aurland besøk av ubedne gjester. No kan dei vente seg eit oppgjer med politiet.

Kva dei to unge mennene i 20-åra var ute etter er uklart, men ifølgje politiet var det einaste dei fekk med seg frå staden ein prestekjole.

Dei to mennene har onsdag kveld vore i avhøyr hos politiet og det er oppretta sak på forholdet.

Prestekjolen dei to mennene stakk av med er kome til rette og politiet ser saka som oppklart.