NRK Meny

Unge menn meldt til politiet.

Ein ungdom under 18 år med alkoholforbod vert meldt av politiet då han vart oppdaga rusa på eit arrangement i Førde i natt. Ein mann født 1994 er meldt for å ha slått til ein ungdom i andletet i Gloppen. I Sogndal vart først ein ungdom født 1996 meldt grunna drikking på offentleg stad, før politiet måtte ta hand om ein mann i 20-åra som var valdeleg på ein utestad i sentrum.