Hopp til innhold

Unge menn med låg utdanning brukar stemmeretten minst

Berre vel halvparten av grunnskuleutdanna menn under 35 år brukte stemmeretten ved stortingsvalet i haust, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Stemmeavlukke
Foto: Ann-Kristin Mo

Valdeltakinga i denne aldergrsuppa låg ved stortingsvalet i år på 54 prosent.

– Vi har observert at valdeltakinga hos denne gruppa har vore på rundt 50 prosent ved dei siste vala. I valet for fire år sidan var det berre 49 prosent av grunnskuleutdanna menn under 35 år som stemte, seier statistikkrådgivar Øyvin Kleven i Statistisk sentralbyrå (SSB) til NTB.

Samstundes viser tala frå SSB at i aldersgruppa 18–24 år auka deltakinga ved årets stortingsval.

Rode Hegstad leder i LNU

UROA: Rode Hegstad i LNU seier det er viktig å nå fleire gutar.

Foto: Jarand Ullestad / LNU

Historisk mange unge har engasjert seg i årets val. Samstundes er det er ei fare for at gutane fell utanfor demokratiet, seier Rode Hegstad som er styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Ho er uroa for at det blir store kjønnsskilnader i valdeltakinga.

– Medan unge jenter stemmer meir og meir, fell gutane lengre bak. Politikarane har eit ansvar for å nå ut til og engasjere alle grupper i samfunnet, og vi må rette merksemda mot gutane i åra som kjem, seier Hegstad.

Viktig for demokratiet

Ifølgje LNU, som er ein samanslutning av 95 frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, jobba media, frivillige organisasjonar og politiske parti aktivt i valkampen for å nå unge veljarar.

– Når unge nyttar stemmeretten, blir heile demokratiet styrka. Dette viser at det nyttar å jobbe for å auke valdeltakinga hos dei unge. Det er ein siger for alle dei gode kreftene som jobba for å engasjere unge i årets val, seier Hegstad.

Øyvin Kleven

FØLGJER UTVIKLINGA: Øyvin Kleven i SSB seier at flest med høg utdanning stemmer.

Foto: Kristina T. Storeng / SSB

I dei siste vala har valdeltakinga blant kvinnene vore eit par prosentpoeng høgare enn hos mennene.

I stortingsvalet i år var valdeltakinga samla 78,2 prosent, men fordelt på 79,7 prosent av kvinnene og 76,7 prosent blant menn, som er omtrent på same nivå som i 2013.

25 prosent lågare

Blant dei med universitets- eller høgskuleutdanning var valdeltakinga 89,6 prosent, mens den var 89,5 prosent blant dei med vidaregåande utdanning. Hos dei med berre grunnskuleutdanning var den nede i 64,6 prosent.

I dei tre siste stortingsvala har valdeltakinga lege 25 prosent lågare hos dei med grunnskuleutdanning enn hos dei med høgare utdanning.

– Valdeltakinga har alltid vore lågare blant dei med grunnskule samanlikna med dei med universitets- eller høgskuleutdanning, men på 1990-talet var denne skilnaden på rundt 10 prosentpoeng, fortel statistikkrådgivar Øyvin Kleven i (SSB) til NTB.

Valdeltaking ved stortingsvalet etter utdanning og kjønn

Utdanning

Grunnskole

Videregående skole

Universitets- og høgskoleutdanning

Fylke

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Østfold

62.2

66.3

76.6

79.2

87.8

87.1

Akershus

66.3

71.4

81.3

82

90.2

90.7

Oslo

62.5

66.6

78.3

80

90

90.9

Hedmark

62.5

64.1

80.6

79.6

90.6

89.9

Oppland

61.5

65.7

77.2

78.7

89.3

88

Buskerud

62

66.6

79

80.5

89.4

87.8

Vestfold

62

66.5

78.9

79.6

89.5

89.6

Telemark

58.8

61.4

75.5

78.6

89.8

89.5

Aust-Agder

58

65

78.8

80.6

88.5

88.9

Vest-Agder

59.2

65

78.6

80.3

88

87.8

Rogaland

63.7

67.6

80.2

80.1

89.3

89.4

Hordaland

63.3

71.9

81.5

83.9

90.2

91.6

Sogn og Fjordane

66

68.7

77.2

83.2

88.1

90.7

Møre og Romsdal

64.1

65

77.5

81.5

86.2

88.9

Sør-Trøndelag

59

67.6

78.1

80.7

89.2

90.4

Nord-Trøndelag

58.9

67.7

77.7

80.1

89.5

90.3

Nordland

62.3

62.2

74.8

80.2

86.9

88.3

Troms

60.3

66

73.6

78.9

87.9

87.9

Finnmark

57.7

63.5

74

76

86.8

88

Kjelde: SSB