Hopp til innhold

Unge Høgre vil presse moderpartiet til å hjelpe han ut i arbeid

Unge Høgre meiner det er for vanskeleg for unge asylsøkjarar å kome seg i arbeid. Dei går hardt ut mot dagens reglar, og legg press på moderpartiet i regjering.

Moayad Khalil ventar på svar

LIVET PÅ VENT: Moayad Khalil frå Syria vil gjerne jobba, men på mottaket i Jølster kan han ikkje gjere anna enn å vente.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

For nokre veker sidan fortalde NRK om Moayad Khalil, ein høgt utdanna syrisk flyktning som ønsker å bidra i samfunnet, men som ikkje har fått svar på asylsøknaden på over eitt år.

– Eg føler med ubrukeleg. Eg er berre eit tal for dei, sa Khalil, som har ein mastergrad i økonomi og administrasjon som han ikkje får brukt.

Fylkesleiar i Unge Høgre i Sogn og Fjordane, Amanda Solvåg, har late seg inspirere av Khalil si historie.

– Det er kjempefint at han tek initiativ til noko slikt, og seier at han har lyst til å vere med å bidra. Det viser at det er mange som vil bidra på eige initiativ, seier ho.

– For strenge krav

Tidlegare i haust fortalde NRK at det er eit stortingsfleirtal for å gje asylsøkjarar mellombels arbeidsløyve, medan dei sit på mottak og ventar på svar om dei får bli i landet.

Men for ein månad sidan sette regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, saman med Senterpartiet, ein stoppar for dette.

Amanda Solvåg

FYLKESLEIAR I UNGE HØGRE: Amanda Solvåg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Unge Høgre er ikkje samde med eiga regjeringa. Landsstyret går hardt ut mot dagens reglar, og vil at regjeringa skal gjere det lettare for asylsøkjarane å kome seg ut i arbeid.

– Det bør bli lettare å søke om mellombels arbeidsløyve. No er det veldig vanskeleg, mellom anna fordi det er så veldig, veldig strenge krav til identifikasjon, seier Solvåg

Vil ikkje vike på identifikasjon

– Heilt sidan vi kom inn i regjering har vi hatt dette høgt på dagsorden. Difor er Khalil, med god kompetanse, ein av dei vi verkeleg hugsar på når det gjeld å få folk ut i arbeid, seier Ingjerd Schou, ansvarleg for integrering og asylpolitikk i Høgre.

Men ho seier at krava til identifikasjon må vere strenge.

Ingjerd Schou

INGJERD SCHOU

Foto: Bjørn Ivar Voll

– Vi må ha avklart identitet. Vi skal integrere raskare, men både arbeidsgjevarar og det norske samfunn er tente med at vi veit kven folk er. Viss vi ikkje veit det, opnar vi for mellombelse jobbar på den svarte marknaden, og det er ingen tente med.