NRK Meny
Normal

Dei nektar å kalla inn til nytt fylkesårsmøte

Fylkesstyret i Unge Høgre vil ikkje koma tidlegare leiar Amanda Solvåg i møte og kalla inn til nytt ekstraordinært fylkesårsmøte. Me gir oss ikkje, varslar Solvåg.

Styret i Unge Høgre

STYRE-NEI TIL GENERALFORSAMLING: – Dette er den tredje klagen dei same personane kjem med. No må dei rett og slett gi seg, seier fungerande leiar Asbjørn Øyra Sæterskar (nummer to frå høgre), her saman med resten av fylkesstyret i Unge Høgre.

Foto: Unge Høgre

– For å vera ærleg er eg temmeleg lei.

Utblåsinga frå fungerande fylkesleiar Asbjørn Øyra Sæterskar kjem etter månader med strid i Sogn og Fjordane Unge Høgre etter ei omstridd generalforsamling, som er fylkesårsmøtet i partiet. Der blei fire av fem styremedlemmer kasta.

  • I februar blei denne generalforsamlinga klaga inn for sentralstyret, men sentralstyret avviste klagen. Les meir her og her.
  • I mars kravde tre av fem lokallag ei ny ekstraordinær generalforsamling. Les meir her.

Etter to månader er konklusjonen frå fylkesstyret klar:

– Me kallar ikkje inn til ny generalforsamling, seier Øyra Sæterskar.

– Selje er ikkje gyldig

Partilova seier at lokallaga kan krevja ny generalforsamling dersom over halvparten står bak. Men då fylkesstyret fekk kravet i mars, ville dei ikkje kalla inn – sjølv om tre av fem lokallag i fylket stod bak. Fylkesstyret bad derimot lovkomiteen i Unge Høgre sentralt å vurdera kravet.

No har lovkomiteen konkludert, og fylkesstyret meiner dei tre lokallaga som krev ny generalforsamling ikkje er teljande, mellom anna fordi skipinga av Selje Unge Høgre ikkje er gyldig.

– Det er feil, seier Amanda Solvåg, som er talsperson for dei tre lokallaga.

Solvåg viser til at lovkomiteen ikkje kjem med ei konkret tilråding, og at måten fylkesstyret har tolka den juridiske vurderinga er feil:

– Arbeidsutvalet i Unge Høgre slo i oktober i fjor fast at Selje Unge Høgre skal vera virkeområde for ei ny lokalforeining. Difor er skipinga av Selje Unge Høgre gyldig.

Nytt styre omgjorde vedtak

Det nye styret som blei valt på generalforsamlinga i februar, gjorde rett etter generalforsamling om på oktobervedtaket og sa at det berre skal vera fire lokallag, noko som i praksis hindra opprettinga av Selje.

– Me har aldri sett det vedtaket. Difor har me så vidt me veit oppretta Selje Unge Høgre etter gjeldande lover, seier Solvåg.

Generalsekretær i Unge Høgres landsforbund, Erlend Svardal Bøe, viser òg til at dei to andre lokallaga bak kravet – Midre Sogn og Indre Sogn Unge Høgre – ikkje hadde sendt inn årsrapport til Unge Høgre sentralt innan dei kravde ny generalforsamling.

Difor er heller ikkje dei teljande, meiner han:

– For å dokumentera aktivitet må lokallaga melda inn at dei har halda årsmøte. I Sogn og Fjordane har berre to lokallag gjort det – Sunnfjord og Nordfjord.

Gir seg ikkje

Solvåg meiner Svardal Bøe tolkar lovkomiteen feil og at desse lokallaga er teljande.

– Lovkomiteen er tydeleg på at lokallaget er gyldig dersom dei har halde årsmøte innan det siste kalenderåret eller dei siste tolv månadene, seier Solvåg, som seier at dei tre lokallaga ikkje vil gi seg:

– Me vurderer kva som blir det neste steget. For her har det skjedd så mange feil at det kan ikkje få stå vidare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.