Hopp til innhold

Unge Høgre-leiar pustar letta ut – men klagarane gir seg ikkje

Klagarane vil hente inn juridisk hjelp, men det nyvalde styret i Sogn og Fjordane Unge Høgre kjenner seg letta. Måndag avviste sentralstyret i ungdomspartiet årsmøte-klaga.

Peter Hollevik

SER FRAMOVER: Peter Hollevik fekk måndag stadfesta at han er den rettmessige fylkesleiaren i Unge Høgre.

Foto: Unge Høgre

– Eg synest det er fantastisk at vi har fått eit oppriktig svar, og at alle påstandar om feil ved valet er avvist. No er det på tide at vi i Høgre ser framover, seier nyvalt fylkesleiar Peter Hollevik i Unge Høgre.

Årsmøtekupp var lovleg

Måndag ettermiddag stadfesta sentralstyret i Unge Høgre at Hollevik er den rettvise leiaren i ungdomspartiet sitt fylkeslag.

Lise-May Sæle

HELD FRAM KAMPEN: Tidlegare fylkesleiar og leiar i nominasjonsnemnda, Lise-May Sæle stolar ikkje på konklusjonane i sentralstyret og lovkomiteen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det har storma friskt i ungdomspartiet etter at årsmøtet med generalforsamling førre helg nærast vart kuppa gjennom benkeforslag. Nominasjonsnemnda sitt arbeid vart sett til side, og fire av fem styremedlemmer, inkludert fylkesleiar Amanda Solvåg vart kasta.

Torsdag sende Solvåg, tidlegare fylkesleiar Lise May Sæle og fem andre Unge Høgre-medlemmer ein formell klage til sentralstyret, der dei bad om at årsmøtevalet vart kjent ugyldig. Klaga vart måndag avvist.

«Sentralstyret anser generalforsamlingen i Sogn og Fjordane Unge Høgre som lovlig avholdt, og at valgene som er foretatt er gyldige.»

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

DET NYE STYRET: Desse styrer no Sogn og Fjordane Unge Høgre. F.v.: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) er vald til ny leiar. Med seg i styret får han (frå venstre) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun. Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

Kan bli advokatmat

– Det som skjedde strir sterkt mot mine prinsipp og verdiar, sa tidlegare fylkesleiar Lise May Sæle til NRK då ho og seks andre medlemmar sende inn klaga. Måndag vil verken ho eller dei andre la seg intervjue av NRK. Men Sæle skriv følgjande i ei tekstmelding:

Amanda Solvåg

VART KASTA: Amanda Solvåg var av nominasjonsnemnda innstilt til attval som fylkesleiar. Ho og dei fleste i styret vart kasta under årsmøtet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

«Vi har teke svaret på klaga til etterretning. Vidare vil vi søke juridisk assistanse for å sjå nærare på om det som har skjedd på generalforsamlinga er etter lovene og behandlinga av klaga var korrekt. Vi er sterkt kritiske til at generalsekretæren i dette tilfellet vert oppfatta som ein nøytral part og som sakshandsamar. Vi har tidlegare erfart at Bøe samarbeida med fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen for å påverke våre val.», skriv Sæle.

Sentralstyret i Unge Høgre er altså av ei heilt anna oppfatning.

Meinte generalsekretær var ugild

I klaga meinte dei vala var lovstridige, og at sentralstyremedlem Petter Haugland, Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise og generalsekretær Erlend Bøe hadde blanda seg inn. Begge deler blir avvist.

Saka vart fyrst handsama av den uavhengige lovkomiteen, leia av Hans Nyvold Kjellby, advokat i Stavanger. I komiteen sit også tidlegare marknadssjef Gunnar Kongsrud i Høgre, og Emil Alexander Engeset, rådgjevar for generalsekretæren i Høgre. Dei vurderte habiliteten til dei tre klaga inn, og meinte dei var habile til å handsame saka i sentralstyret.

Erlend Svardal Bøe

AVVISER PÅSTANDAR: – Eg er generalsekretær for heile Unge Høgre, seier Erlend Bøe som stiller seg uforståande til at han skal ha blanda seg inn i årsmøtevalet i heimfylket.

Foto: Mark Ledingham

– Eg har ikkje påverka valet på noko som helst måte. Det har heller ikkje sentralstyret i Unge Høgre sitt landsforbund, seier generalsekretær Erlend Bøe i Unge Høgre til NRK måndag ettermiddag.

Ber klagarane legge saka død

Generalsekretæren meiner klagarane bør ta inn over seg at saka er avgjort.

– No har sentralstyret tatt ei avgjerd. Lovkomiteen har sagt sitt. No må ein sjå på det som eit ungdomsparti skal gjere, det er å utvikle politikk. Viss ein vil halde fram denne klaga, må ein gjerne gjere det, men eg held meg til at sentralstyret og lovkomiteen har tatt ei avgjerd i denne saka. Det nye arbeidsutvalet må få fred og ro til å halde på med det dei skal halde på med.

– Klagarane seier dei vil ha juridisk assistanse. Kva seier du til det?

– Viss ein ønskjer å gå den vegen, synest eg det er veldig beklageleg, når lovkomiteen og sentralstyret har tatt ei avgjerd, seier Erlend Bøe.

Den ferske fylkesleiaren Peter Hollevik ser seg no ferdig med saka.

– Sjølv om det har vore ein litt vanskeleg start, trur eg vi har komme styrka ut av det. Vi har eit godt og sterkt arbeidsutval som er supermotivert. Vi satsar på å få meir positive ting ut i media, og skal drive ungdomspolitikk, seier den nye Unge Høgre-leiaren i Sogn og Fjordane.

Fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen i Sogn og Fjordane Høgre skriv i ei tekstmelding til NRK: «Eg avviser påstand om at eg skal ha utøvd påverknad på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre. Heller ikkje knytt til vala som vart gjort av møtelyden.»