Hopp til innhold

Ungdomstinget vil ha fokus på unge som slit

Det er for lite fokus på psykisk helse, meiner fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane.

Fylkesting for ungdom

ENGASJERTE: Psykisk helse var tema som skapte størst engasjement då ungdommar frå heile Sogn og Fjordane var samla til tingsete på Skei. Her står Sofie Sundberg på talarstolen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

I helga var den ungdomspolitiske eliten i fylket samla til Fylkesting for ungdom på Skei i Jølster. Der sakna fleire tiltak for å fremje ei god psykisk helse hos ungdom.

– Psykisk helse er kanskje det som angår oss ungdomar mest. Vi lever i generasjon frustrasjon der det blir forventa at vi presterer på skulen, på fritidsaktivitetar og heime. Før var det godt nok å vere god i eitt fag. No skal du vere god i alle fag. Det ser ein til dømes att på skuleinntaket der einaste grunnlag er karaktersnittet ditt., seier Sofie Sundberg.

Sofie Sundberg

PRESS: – Forventningane til oss unge er enorme, seier Sofie Sundberg. Ho trur skulen er staden ein må setje inn tiltak for psykisk helse.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Ho er avtroppande leiar i ungdomspolitisk utval og var blant dei som talte den psykiske helsa si sak på den ungdomspolitiske møteplassen.

Trur skulen er nøkkelen

Ungdomstinget meiner det må satsast meir på tiltak i skulen, fordi dette er den arenaen der ein når flest ungdommar. Inkludering må stå i sentrum, meiner dei.

– Skulen er den viktigaste arenaen, og den som kan hjelpe mest. Det er der ungdommane er åtte timar dagleg. Det er vanskeleg å skulle setje inn tiltak på fritida eller heime, trur Sundberg.

Ho meiner det blir lagt for store forventingar på mange av dagens unge skuldrer.

– Eg trur mange blir sjuke på grunn av presset. I tillegg er det nok mange som slit med ting heime, eller fordi dei blir mobba på skulen og andre ting som kan ha skjedd, seier Sundberg.

Mobbing

Madlen Lehmann

MOBBING: Madlen Lehmann trur mange kan ende opp både som mobbeoffer og mobbarar om dei slit med psyken.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

No set ungdommane sin lit til at dei blir høyrde.

– Vi håpar sterkt at vi kan gå vidare med dette og håpar politikarane skjønar at dette er første punkt for at ungdom i det heile tatt skal ha det bra, seier ungdomstingsrepresentant Madlen Lehmann.

Ho viser til at det er mykje fokus i samfunnet på mobbing, og meiner det då er naturleg å også ha sterkare fokus på psykisk helse.

– Viss du ikkje har det bra psykisk, er du kanskje meir utsett for å mobbe andre også, fordi du ikkje har det godt med deg sjølv. Samstundes har ein sjølv lettare for å bli mobba, fordi ein blir eit svakt ledd. Slit du med sosialangst sit du heime og ingen er med deg, åtvarar Lehmann.