NRK Meny
Normal

Ungdomsskuleelevar i Måløy vêrfaste på siste skuledag

Måløybrua er stengt på grunn av sterk vind.

Måløybrua i stormkast

VINDKAST: Vegvesenet har målt 28 meter i sekundet i middelvind, og vindkast opp til 37 meter i sekundet på Måløybrua. Det ser dårleg ut for opning i dag i følge vêrvarselet, fortel dei ved Vegtrafikksentralen.

Foto: Bjørn Roger Hennøen

Ein førjulsstorm er kommen inn over kysten, og vinden fører allereie til problem i trafikken nokon stader.

På Rv 15 er Måløybrua stengt i periodar, og ferjesambandet Måløy-Oldeide er innstilt.

Det gjorde at nokre av elevane ved Måløy ungdomsskule måtte gjere vendereis tilbake til skulen då siste dag før juleferien var over i dag.

Her er OBS-varselet for Sogn og Fjordane:

  • I ettermiddag, tysdag, auketil sørlig full storm på kysten og i fjellet, sterk storm rundt Stad. Det er og venta lokalt kraftige vindkast på 25-30 m/s. Vinden er venta å minke onsdag føremiddag. Onsdag vanskelege kjøreforhold i fjellet på grunn av vind, snø og snøfokk.
  • Les det oppdaterte OBS-varselet for 11 fylke her

Vêrfaste på skulen

– Det kom sånn heilt plutseleg. Det er vinden som er kraftig, ikkje noko regn eller noko slikt. Så per no har vi ikkje fått alle elevane heim igjen, fortel Kåre Bakke som er rektor ved ungdomsskulen.

Dei har fått beskjed om at det bles 35–36 meter i sekundet på brua no, og veit ikkje enda når den vil opne.

– Dei fleste elevane er reist heim att, og nokre har med venninner og vener heim. Så er det nokre att her på skulen, dei er i klasseromma og kosar seg med spel og film, fortel rektoren.

Også ein lærar er blitt vêrfast på skulen og kjem seg ikkje heim til jul enda, så dei stiller sterkt for å ta vare på dei som er att.

– Vi har mat og drikke her, så ingen lir nokon naud enda, forsikrar rektoren.

No planlegg skulen å organisere overnatting for elevane som er vêrfaste.

Vêrvarselet lovar dårleg

– Ut ifrå vêrvarselet eg har framfor meg no så ser det litt dårleg ut med opning i dag, fortel Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han fortel at stengegrensa på brua er 32 meter i sekundet. No er det målt maksvind på 37 meter i sekundet, og middelvind på 28 meter i sekundet på brua.

For at brua skal opne må vinden vere under 32 meter i sekundet i over ti minuttar.

Då opnar brua seg automatisk.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå