Hopp til innhold

Ungdomsrådet vil krevja klarare svar under sjukehusopphald

FØRDE (NRK): Helse Førde vil høyre meir om korleis ungdom opplever møtet med helseføretaket. I helga hadde ungdomsrådet sitt første ordinære møte.

Ungdomsråd Helse Førde

FEM MEDLEMMAR: Petter Ratvik (f.v.) og Gunhild Falkevik står for oppfølginga av ungdomsrådet. Lisa Horpen, Kamilla Fause Rivedal, Glenn Tore Kimsås og Frida Galsaasen er med i ungdomsrådet. Sunniva Leivdal er også med, men ho var ikkje til stades på det første møtet.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Eg vil at alle skal ha det bra og bli høyrd som enkeltpersonar.

Det seier 16-åringen Lisa Horpen frå Øvre Årdal. Ho er ein av fem ungdommar i alderen 15 til 28 år som er med i det nye ungdomsrådet i Helse Førde.

Ungdommen si sak

Målet med ungdomsrådet er at dei skal tale ungdommen si sak og fortelja helseføretaket kva behov ungdom har. I helga hadde dei sitt første møte.

– Eg er også pasient og veit korleis det er å vera innlagt. Eg vil jobba for at dei unge vert høyrt. Eg føler at ein ofte vert sendt fram og tilbake utan å få eit skikkeleg svar. Det er mange her som har slite med sjukdom som kan dela si erfaring og finne løysingar i lag, seier Horpen.

Dei fem som er i ungdomsrådet i tillegg til Horpen, er Frida Galaasen frå Ytre Bremanger, Kamilla Fauske Rivedal frå Rivedal, Sunniva Leivdal frå Hornindal og Glenn Tore Kimsås frå Naustdal.

– Det er viktig at dei vaksne veit kva vi som ungdommar treng. Vi vil ha tydelege svar, seier Kimsås frå Naustdal.

Sjølv opplevde han å få to forskjellige beskjedar etter ein skolioseoperasjon.

– Eg forventar at dei skal ta oss seriøst og høyre kva vi har å seie, seier han.

Skulle hatt fleire

Arbeidet med å sette saman eit ungdomsråd starta våren 2016. Kriteria til medlemmane var at dei hadde erfaring som pasient og som brukarar av helseføretaket.

Petter Ratvik og Gunhild Falkevik er dei som har jobba med å få ungdomsrådet på plass. Ratvik er glad for at det no er i hamn.

– Det er viktig at ungdom talar ungdommen si sak. Det er dei som veit kor skoen trykker og kva behov dei har, seier han.

Han støttar ungdommane i at det er viktig at Helse Førde lyttar til dei, men skulle gjerne sett at dei fekk fleire med i ungdomsrådet.

– Vi har no fem ungdommar som er veldig engasjert. Vi skulle gjerne ha dobla det talet, for det er ikkje alle som kan vera med på alle møte, seier han.

 Ungdomsrådet, Helse Førde

MØTE: Den første samlinga i ungdomsrådet tok blant anna føre seg kva køyrereglar dei skal ha. Blant desse var at dei skal ha fridom til å seie kva dei vil.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK