Hopp til innhold

Ungdomspartileiarar møtte gruve-demonstrantane

Leiarane for fleire av ungdomspartia er i dag i Naustdal for å vise støtte til protestane mot den planlagde gruvedrifta med fjorddeponi i Førdefjorden.

Gruveaksjonistar i Vevring

VIL IKKJE GI OPP: Aksjonistane held fram det dei meiner er ein viktig kamp å ta, trass lovbrot.

Foto: Bård Siem / NRK

I over ei veke har aksjonistar frå Natur og Ungdom drive sivil ulydigheit for å hindre Nordic Mining i å drive prøveboring i Engebøfjellet ved Vevring i Naustdal.

Aksjonistane har lenka seg fast både til anleggsveg og anleggsmaskiner. Gang på gang har lenkegjengen blitt fjerna av politiet og bøtelagde med 10.000 kroner kvar.

Vil sende signal oppover

Ungdompartileiarar besøkte gruveaksjonistar i Vevring

VENSTRE FLØY: Lage Nøst (Grøn Ungdom), Nicholas Wilkinson (SU), Linn-Elise Øhn Mehlen (Rød Ungdom) og Mani Hussaini (AUF) er på plass i Vevring for å møte demonstrantane som har lenka seg fast dei to siste vekene.

Foto: Bård Siem / NRK

Vi er her for å vise støtte til dei som no demonstrerer mot starten på gruveverksemda her i Førdefjorden. Og for å gi eit signal til politikarar om eit skal reversere vedtaket som vil øydelegge fjorden i mange tiår framover. Det kan bli ein fjord som det ikkje mogleg å leve rundt, seier AUF-leiar Mani Hussaini.

Han er av fire ungdomspartileiarar som kom til Vevring for å gi aktivistane, dei aller fleste av dei frå Natur og Ungdom, eit klapp på skuldra onsdag.

– Du støttar altså sivil ulydnad?

– Vi støttar det mange aktivistar no gjer for å hindre dette. Vi meiner heile grunnlaget for vedtaket som er gjort er feil, seier Hussaini med klar adresse til regjeringa som i april i fjor gav gruveselskapet Nordic Mining klarsignal.

Ungdomspartileiarar besøkte gruveaksjonistar

Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær (nærmast) tok ungdomspartileiarane med ut på Førdefjorden.

Foto: Bård Siem / NRK

SU-leiaren vil lenke seg fast

Enno er det ta fleire år før gruveselskapet startar opp for fullt i Engebøfjellet. Dei neste to månadene skal det hentast ut 6000 kjerneprøver frå fjellet som skal analyserast. Det er denne prøveboringa demonstrantane no freistar å hindre.

lenkar seg saman mot gruveutvinning

Representantar frå dei ulike ungdomspartia lenka seg saman som protest mot gruveplanane i Vevring.

Foto: Bård Siem / NRK

Leiaren for SV sitt ungdomsparti, Sosialistisk Ungdom går enno lengre enn AUF-leiaren. Nicholas Wilkinson vil sjølv delta i den sivile ulydnaden.

– Eg er her fordi eg skal vere med å lenkje meg fast for ein rein fjord. Dette er ein av dei vakraste fjordane i heile Norge. No skal dei dumpe gruveslam rett i fjorden. Det er uakseptabelt.

– Men kvifor bryte lova?

– Fordi at dei store partia i Norge; Arbeidarpartiet, Høgre og Frp no tillèt miljøkriminalitet på ein skala vi nesten aldri før har sett i Norge. Vi snakkar om å dumpe eit lastebillass annakvart minutt, seier Wilkinson til NRK.

14 aksjonistar vart arresterte etter å ha lenka seg fast for å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å drive prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal.

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK Dagsrevyen sin reportasje frå gruveaksjonane ved Vevring 2. februar.

– Det viser at vi er mange

På plass i Vevring er også Lage Nøst, talsperson for Miljøpartiet dei grøne sin ungdomsorganisasjon Grøn Ungdom, og Rød Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen.

– Vi støttar dette fordi vi er i mot at ein skal få dumpe fem millionar tonn gruveslam i denne fjorden i 50 år. Vi meiner det er galskap, kommenterer Mehlen.

Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær som sjølv har sete fastlenka, blitt bert vekk av politiet og bøtelagd, er glad for støtte frå ungdomspartia.

– Det er utruleg fint å sjå at ungdomspartia støttar oss i denne saka. Det beviser at vi er mange som jobbar for gode vedtak i denne saka, og som jobbar mot dumping av gruveavfall i norske fjordar.

Aksjonistane i Vevring blir fjerna med makt av politiet etter at dei ikkje fjerna seg av fri vilje.

SJÅ VIDEO: Her blir aksjonist Ørjan Thingnes bert vekk av politiet. Foto: Vidar Gudvangen