Hopp til innhold

– Det er tragisk at det skal skje så mykje, på så kort tid, i ein liten by som Florø

FLORØ (NRK): På to år har fem ungdomar tilknytt ungdomsmiljøet i Florø gått bort i trafikkulukker. – Eg kjenner tårene pressar på berre eg snakkar om det, seier Jan Roger Grytten.

Jan Roger Grytten

PREGA: Leiar i ungdomsrådet i Flora, Jan Roger Grytten, seier ungdomsmiljøet er prega av dødsulukka i Selje. – Eg har sett det samhaldet som er med familiar og dei nære. Eg kan ikkje førestille meg noko verre enn det. Det er heilt forferdeleg, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fredag kveld fekk leiaren i Ungdommens bystyre i Flora melding om at ungdomsmiljøet igjen var råka av ei ny dødsulukke. Denne gong i Selje.

Eit kjærastepar som tidlegare på dagen vart meldt sakna, vart funnen omkomne i ein bil i fjorden langs fylkesveg 618.

– Det er tragisk at det skal skje så mykje, på så kort tid, i ein liten by som Florø. Det forbløffar meg. Eg klarer mest ikkje å sjå det føre meg, seier Jan Roger Grytten.

– Heilt forferdeleg

Dødsulukke ved Røyrvikneset i Selje.

OMKOM: To ungdomar omkom i utforkøyringa på fylkesveg 618 mellom Selje og Flatraket i Nordfjord.

Foto: Inge Skavøypoll

Når NRK møter ungdomsleiaren har det gått litt over eit halvt døgn sidan politiet stadfesta dødsulukka mellom Selje og Flatraket.

Dei omkomne er laurdag identifisert. Begge var elevar ved Måløy vidaregåande skule.

– To unge som ikkje rekk å vekse opp og få leve ut livet sitt er heilt forferdeleg. Mine første tankar går til dei pårørande og alle dei andre som har gått vekk, seier Grytten.

Vil halde på tradisjon

På to år har fem ungdomar knytt til ungdomsmiljøet i Florø omkome på vegane. Det merkast i eit ungdomsmiljø, i ein kommune med knappe 12 000 innbyggjarar.

Røyrvikneset i dagslys

ULUKKESSTAD: Røyrneset er kring ei mil frå kommunesenteret Selje.

Foto: Google Streetview

Seinast i april i år, då ungdomane heidra sin omkomne kamerat med kortesje frå Fugleskjærskaien til ulukkesstaden ved Brandsøy. Grytten vil jobbe for at det skjer også etter den siste ulukka.

– Det er noko vi vanlegvis gjer for ungdomar som går vekk i trafikkulukker. Det er ein stor og god tradisjon som eg vil ha i byen, seier han.

– Alle kjenner alle

– I ein liten by som Florø, så merkast det når ungdomar blir rivne vekk. Ungdomen i byen har eit godt samhald, så alle veit kven alle er, seier legg han til.

Ola Teigen

VONDT: – Det er vondt for ein ordførar å tenkje på, det er vondt for heile Flora kommune og det er sjølvsagt aller, aller verst for familien som sit att, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Også ordførar Ola Teigen (Ap) har merka seg at ungdomsmiljøet i kommunen har vore sterkt råka av trafikkulukker siste åra.

– Det er alltid tungt å miste unge. Det er noko som ein ikkje klarer å stelle seg til og akseptere. Det er ein ufatteleg tragedie når det skjer. Det er vanskeleg, seier Teigen.

– Ufatteleg tragedie

Kriseteamet i kommunen vart etablert fredag kveld, og har sidan følgt opp familiane til ungdomane.

Opp i tragedien tykkjer ordføraren det er godt å sjå at det kommunale apparatet har fungert godt, både i Flora og Vågsøy.

– Det er ei ufatteleg tragedie som har råka kommunen. Ei ufatteleg tragedie at ungdomar på 18 og 19 år brått blir rivne ut av lokalsamfunnet. Det er to unge menneske som står på terskelen til vaksenlivet, det er eit kjærastepar som kanskje hadde tankar om korleis livet framover skulle bli, men som tragisk nok ikkje er blant oss lenger, seier han.