Hopp til innhold

Ungdomsbedrifta vil gi deg betre radio

Ungdomsbedrifta Adapt sel og installerer DAB-adapterer i bil, båt og andre køyretøy. Målet er å hjelpe folk med å få ein problemfri overgang frå FM til DAB.

dab ungdomsbedrift

BETRE RADIO: Andreas Storesund Madsen (til venstre) og Iver Bakke Nydal installerer DAB-radio for dei som treng det.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

For kven har vel ikkje opplevd dårleg radiosignal langs vegane i dette fylket? Dette er det ungdomsbedrifta ved Flora vidaregåande skule no vil forbetre.

Sogn og Fjordane har omtrent 50.000 bilar med FM-radio. Radionettet stengjer i juni 2017, men mange er framleis på FM-nettet.

Har seld 25 – vil selje 1000

DAB antenne

I ARBEID: Antennene til DAB-adapteren må bli festa forsiktig til vindauget.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

Sjølv om det er eit mål for dei 19 elevane som tek entreprenørskap som fag, å hjelpe dei som slit med å byte om til DAB, har dei også andre mål.

– Målet er først og fremst å lære mest mogleg av dette, å få prøve ut korleis det er å ha ei bedrift, men vi vil jo sjølvsagt også selje bra, seier dagleg leiar for bedrifta, Mathilde Jellestad.

Bedrifta har til no seld 25 adaptere og dei har som mål å selje 1000. Men dei held seg innanfor kommunegrensene.

– Det er vel det vi kjem til å satse på, men vi kan vel sende adapateren til andre stader i Sogn og Fjordane seinare, seier Jellestad.

– Godt eigna for norske tilhøve

Ungdomane har fått hjelp av kommunikasjonssjef i Digitalradio Norge, Mari Hagerup, til å kome i gang. Ho meiner bedrifta vil passe godt i eit fylke med mykje fjell.

– DAB er veldig godt eigna for norske tilhøve, den norske topografien og særleg i landskap med mykje fjell.

Om bedrifta når målet om å selje 1000 adapterer er uvisst, men dei har allereie no planlagt kva dei vil bruke inntektene til.

– Overskotet har vi tenkt å bruke til å gjere noko kjekt. Reise på ein klassetur eller noko slikt, seier Jellestad.

Dab ungdomsbedrift adapt i florø

STORE MÅL: Mathilde Jellestad og Simon Solberg håpar å selje godt med adapterer.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK