NRK Meny
Normal

Ungdomsbedrift vann internasjonal pris

Ungdomsbedrifta RAW media frå Hafstad vidaregåande skule vann i går den tungthengande prisen «Global Joint-Venture Award» i Brussel.

Vann internasjonal pris

JUBLANDE: Marie Vefring og Jostein Vedvik i ungdomsbedrifta RAW media vann i går kveld den internasjonale prisen «Global Joint-Venture Award»

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Det er aller første gong at ei ungdomsbedrift frå fylket har henta inn ein slik internasjonal pris.

– Det var utruleg overraskande. Eg har rett og slett ikkje klart å ta det heilt inn enno, seier leiar i ungdomsbedrifta Jostein Vedvik.

Har tent 100.000 kroner

Ungdomsbedrifta har samarbeidd med ei spansk ungdomsbedrift, som har utvikla ein trådlaus ladar, og marknadsført denne.

– Vi har jobba veldig mykje, men tenkte ikkje vi kom til å vere verdens beste ungdomsbedrift mellom 15 til 18 år, seier Vedvik.

I løpet av skuleåret har elevar ved Hafstad vidaregåande skule arbeidd med utvikle og gje medietenerster til folk. Alt frå film til foto og design har stått på timeplanen i mediebedrifta RAW media. Og elevane har tent om lag 100.000 kroner på bedrifta.

– Vi brukte pengane på ein tur til Barcelona der vi kombinerte litt læring med ein skikkeleg kosetur, fortel Marie Vefring i RAW media.

Førar tradisjonen vidare

No er Vedvik og Vefring ferdig i ungdomsbedrifta, og den skal leverast vidare til nye elevar. Noko dei to er svært nøgde med.

– Det er veldig kjekt at bedrifta blir vidareført. Namnet har blitt meir og meir kjent, så det er fint for dei som skal ta over, seier Vefring.

Vevring skal vidare til folkehøgskule, medan Vedvik skal vere att å hjelpe dei nye gründerane.

Dei er begge samde om at dei har lært svært mykje av arbeidet med ungdomsbedrifta.

– Vi har lært mykje om samarbeid, samt det å imøtekome krav frå kundane, seier Vefring.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.