Forretningsidéen til dei tre gutane som er i alderen 16 – 18 år har vore å legge ut fiktive annonsar på Finn.no.
– Dei som er interesserte må betale eit forskot, men får ikkje varene dei har betalt for, seier regionlensmann Tormod Hvattum.
Starta i Trøndelag
Opprullinga av saka på starta på forsommaren i 2018. Ein person frå Trøndelag lét seg freiste av ei av annonsane til ungdomane på internett. Han betalte og trudde han kjøpte ein mobiltelefon, men fekk aldri vara han betalte for, skriv Fjordabladet.
– Vi kom på sporet av ungdommane i Nordfjord fordi kontonummeret som pengane er innbetalte på høyrer til ein av dei som vi etterforskar, seier Hvattum.
– Kor alvorleg ser de på denne saka?
– Dette er noko som vi er opptekne av å få stoppa på eit så tidleg tidspunkt som mogleg for å unngå at det utviklar seg, seier Hvattum.
Har svindla tidlegare
Nokre av tenåringsgutane har også tidlegare vore involverte i svindel med kredittkort.
Pengane fekk dei tak i ved å kjøpe norsk kredittkortinformasjon frå ein russisk nettstad.– Det er dei fullstendig klar over kva dei gjer, fleire av dei har også tidlegare vore involverte i liknande saker tidlegare med svindel på nett, seier Hvattum.