NRK Meny
Normal

Ungdommar måtte bergast ned frå fjell

To ungdommar i slutten av tenåra måtte i natt ha hjelp av redningshelikopter etter å ha gått seg skårfaste i området ved Kletten i Naustdal.

Bergingsaksjon i Naustdal

BERGINGSAKSJON: To ungdommar gjekk seg skårfaste i Naustdal.

Foto: Frank Cirotzki

I tillegg måtte politiet i løpet av natta ta hand om fleire overstadig rusa ungdommar.

Førde:

Ved midnatt kontrollerte politiet åtte bilar for rus, utan utslag. Ein førar fekk gebyr for å ikkje ha med førarkort.

Florø:

Like før klokka halv fire natt til i dag måtte politiet rykke ut til Brendøyvegen etter melding om at slåsting mellom sju – åtte personar. Då politiet kom fram var alle partane borte.

Naustdal:

Klokka 23.10 i går kveld vart ein mann vist vekk frå eit arrangement i Naustdal. Ein liten halvtime vart nok ein mann i 20-åra vist vekk

Like før midnatt vart ein mann i 20 åra slått i andletet av ein ukjend gjerningsperson i Naustdal.

Klokka 00.29 måtte ein mann og ei jenta i slutten av tenåra ha hjelp av politi og redningshelikopter, etter å ha gått seg skårfaste i eit område ved Kletten i Naustdal. Dei to ungdommane var nedkjølte då dei vart henta ned, og vart sende til sjukehus for kontroll.

Ein mann i slutten av tenåra vart vist vekk frå Sandane i Naustdal etter å ha slått ein annan mann i andletet. Ein rusa mann i slutten av tenåra vart vist vekk frå same staden etter å ha laga bråk.

Klokka 01.45 måtte ein overstadig rusa mann i slutten av tenåra hentast av ambulanse på eit arrangement i Naustdal.

Nordfjordeid:

Klokka 01.49 vart ein mann i slutten av tenåra henta av foreldra etter å ha blitt vist vekk frå området ved Malakoff.

Samstundes vart også ein mann i 20-åra vist vekk frå same området.

Klokka 02.09 vart ei jente i slutten av tenåra vist vekk frå arrangementet.

Sogndal:

Ved fem-tida natt til i dag vart det sett i gang leiteaksjon ein 16 år gamal gut i Sogndal. Guten var sist sett i Parkvegen i Sogndal. Etter to timar leiting var guten funnen i god behald.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.