Hopp til innhold

Ungdommar held liv i Bremanger sin fisketradisjon

BREMANGER (NRK): Tarjei (18) og Emil (18) gjer både foreldre, besteforeldre og resten av Bremanger stolte. Dei heldt på tradisjonen med å fiska torsk om våren.

Bremangerfiskarane

– Fiske har vi halde på med sidan vi var småungar, seier Emil Terdal Igland.

Saman med Tarjei Ryland Røys er han på veg ut på fjorden i ein liten fiskebåt.

– Har ikkje ro i ræva

Folk frå Bremanger har fiska torsk kvar vår i generasjonar. No er det opp til dei unge om tradisjonen får leva vidare. For Røys er det heilt naturleg å driva med fiske.

– Vi har halde på med dette heilt sidan vi lærte å gå. Vi blei sende ned i fjæresteinane. Fekk ikkje lov å sitte inne.

Han kunne ikkje tenkt seg å sitja på eit kontor.

– Det har eg ikkje tolmod til i det heile teke. Eg har ikkje ro i ræva, og må helst bruke energien til noko, seier Røys.

BremangerFiskar

UNG FISKAR: Emil Terdal Igland er med å halda på ein gammal tradisjon.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Det er berre gamlingar

Reidulf Igland bur i Bremanger og har vore fiskar i 40 år. Han meiner bransjen er forgubba.

– Det er berre gamlingar. Pensjonistar. Det er berre gamlingar over 70 år, ler han.

Derfor er han glad for at 18-åringar som Emil og Tarjei heldt tradisjonen ved like.

– Det er heilt fantastisk. Vi skulle hatt fleire av dei der. Det er dei to yngste som er på fjorden.

– Skal fiska til ryggen fer

Tarjei og Emil er i ferd med å henta opp eit garn. Dei er nøgde med resultatet.

Emil Terdal Igland

250 KILO: For Emil Terdal Igland.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Det vart brukbart. Det tok seg opp litt no på slutten. Vi har vel 250 kilo. Vi seier oss nøgde med det, seier Terdal Igland

Dei planlegg å fortsetja å vere på fiskebåt i framtida, dei vil vera med på den gamle tradisjonen på Bremangerpollen.

– Eg skal fiska heilt til ryggen fer, seier Ryland Røys.

Vågsøy kommune
Foto: Steinar Daltveit / NRK