Hopp til innhold

14-åringar leverte mobilapp til Apple

SOGNDAL (NRK): Fekk eigen app godkjend på første forsøk.

Vebjørn Viem Elvekrok og Eskil Gjerde Sviggum

STARTA TIDLEG: Vebjørn Viem Elvekrok og Eskil Gjerde Sviggum byrja med koding på barneskulen.

Foto: Ingvild Bakken

Vebjørn Viem Elvekrok frå Jostedalen og Eskil Gjerde Sviggum frå Sogndal har begge drive med koding sidan barneskulen. No har dei laga appen Min Vekeplan.

– Denne gjer at elevar kan få både vekeplan og lekseplan inn på mobilen, fortel Viem Elvekrok.

Han og Gjerde Sviggum byrja å arbeide med appen i september i fjor.

– Då hadde eg byrja og lage ein liknande til eige bruk, og så ringde Vebjørn lurte på om me skulle lage ein app som gjorde at me fekk vekeplanen inn på telefonen, fortel Gjerde Sviggum.

Begge hadde då allereie programmert ein del frå før. Gjerde Sviggum hadde programmert til iOS, som er operativsystemet til Iphone. For å lage appen til andre mobiltelefonar måtte dei lære seg å kode til Android i tillegg.

Då appen vart ferdig, sende ungdommane den inn til Apple der han vart godkjend på første forsøk.

Skjermdump frå Min Vekeplan

SLIK SER APPEN UT: Skjermdump frå Min Vekeplan

Inspirert av Steve Jobs

Det var etter å ha sett ein dokumentar om Steve Jobs at Gjerde Sviggum vart inspirert til å starte med koding. Då gjekk han i tredje klasse på barneskulen.

– Eg spurte faren min korleis eg kunne bli Steve Jobs. Han sa at viss eg lærer meg å programmere så kan eg bli litt sånn som Jobs, fortel Gjerde Sviggum.

Etter dette byrja han å nytte programmeringsspråket Scratch, som er laga for at born og unge skal kunne lære seg grunnleggande koding.

Viem Elvekrok vart introdusert til koding då Gjerde Sviggum og nokon andre venner av dei byrja med Scratch.

– Det er morosamt å finne løysingar på problem, og så sit du til slutt att med noko du kan vere stolt over, seier Gjerde Sviggum.

Skular testar appen i praksis

– No skal me køyre ein prøveperiode på Kvåle Ungdomsskule. Me høyrer og med Luster ungdomsskule, og var nyleg der på eit møte, seier Viem Elvekrok.

I tillegg arbeider dei unge kodarane med å forbetre appen og å legge til nye funksjonar.

Etter prøveperioden må skular betale lisens for å nytte appen. Då kan elevar frå skulane laste ned Min Vekeplan gratis.

Koding inn som fag på ungdomsskulen

Viem Elvekrok er elev på Luster ungdomsskule og Gjerde Sviggum er elev på Kvåle ungdomsskule. Desse skulane har vore med på eit pilotprosjekt der dei starta med koding som fag hausten 2016.

– Undervisninga går ut på at me jobbar for oss sjølve med koding og så går læraren rundt og hjelper, fortel Viem Elvekrok.

Hausten 2017 vart det bestemt at koding skulle inn som fag på alle ungdomsskular i Noreg.

– Undervisninga i koding vil gjere at fleire unge vert interesserte i å drive med dette, meiner dei to gutane.