Hopp til innhold

Ungdomar inviterer til folkemøte - slik vil dei kjempe for skulen sin

Ungdomar i Hyllestad vil ikkje sitje stille å sjå på at den vidaregåande skulen i Dale blir lagt ned. No har dei invitert til folkemøte for å vise kor viktig skulen er for dei.

Amanda Strandos (leiar) og John Gerick Bårøy (nestleiar) i Hyllestad Ungdomsråd

FOLKEMØTE: Amanda Strandos og John Bårøy har invitert både gamle og unge til folkemøte der dei vil vise kor viktig Dale vidaregåande skule er for HAFS-regionen.

Det er det nyoppstarta Ungdomsrådet i Hyllestad som står bak initiativet til folkemøtet som blir halde på Hyllestad skule klokka 15 laurdag. Nestleiar i Ungdomsrådet, John Bårøy, seier engasjementet er stort.

– Vi har invitert både gamle og unge, og alle vil ha ein vidaregåande skule i Dale, seier han.

– Eg trur ikkje vi har fått noko negativ respons.

Rustar seg til kamp for sin skule

Rundt om kring i heile fylket rustar no folk seg til kamp for dei vidaregåande skulane. Politikarane står framfor ei vanskeleg oppgåve. Dei får mindre pengar til den vidaregåande skulen og må no bestemme seg for korleis skulestrukturen skal vere i framtida.

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra. Fram til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. I perioden fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Politikarane har fått hjelp av eit konsulentfirma som har lagt fram forslag til kva skular som kan leggjast ned.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dale vidaregåande skule

SKULEN I HAFS: Skulen i Dale er den einaste vidaregåande skulen i HAFS-regionen, og den må vi behalde. Det meiner ungdomane i Hyllestad som i dag inviterer til folkemøte.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fryktar ungdomen må flytte på hybel

Ein av skulane som er i faresona er Dale vidaregåande skule. For ungdomane i Hyllestad er det den næraste vidaregåande skulen, og dei nektar å sjå på at miljøet her blir rasert.

– Det er ikkje i kommunen vår sjølve skulen ligg, men det er den næraste skulen vi har, så det er vår skule, seier John Bårøy som er nestleiar i Ungdomsrådet i Hyllestad.

På folkemøte blir det innlegg av både ungdomsrådet, Hyllestad Næringsråd, fleire bedrifter, representantar for kommunen og folk frå Dale Vgs.

Bårøy seier det er svært viktig for regionen at skulen får bestå.

– Dette er den einaste vidaregåande skulen i Hafs-området. Om den blir lagt ned må ungdomane her reise på hybel og ikkje alle er klare for det like etter tiandeklasse, seier han.

Også Elevorganisasjonen og politiet har gitt uttrykk for at det er uheldig om mange fleire unge blir tvinga til å flytte på hybel.

Trur færre vil flytte heim att

Bårøy og resten av ungdomsrådet i Hyllestad meiner det vil vere svært uheldig om alle ungdomane i regionen må reise heimefrå for å gå på skule.

Dei meiner det vil vere vanskelegare å få desse til å flytte tilbake etter fullført utdanning.

– Vi fryktar at om dei flyttar vekk, så kjem dei til å sjå andre moglegheiter enn om dei blir buande heime. Viss dei får seg to eller tre år på vidaregåande skule her, så får dei lært seg å kjenne kommunen sin på ein heilt anna måte, seier Bårøy til NRK.no.

No er håper at dei skal nå fram til politikarane med argumenta sine.

– Vi håpar at dei ser vi er engasjerte, seier nestleiaren i Ungdomsrådet.

– Men kvifor skal politikarane tenke at Dale vidaregåande er viktigare enn nokon av dei andre skulane?

– Vi meiner at vi må kunne behalde alle skulane. Men no er det Dale som er vår næraste, så vi fokuserer på den. Men vi vil ikkje at nokon av dei andre skulane skal bli lagde ned heller, seier han.