Dei vil velje fritt i den nye vestlandsregionen

FØRDE (NRK): I eit nytt storfylke på Vestlandet må ungdom få velje fritt mellom alle dei vidaregåande skulane. Det er kravet frå elevar og ungdomspolitikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Håvard Øen, Lars Roti, Henriette Romarheim og Odd Bjarte Ringstad på Førde ungdomskule

VALFRIDOM: Elevane må få søke på skular i heile den nye regionen, meiner ungdomsskuleelevar i Førde. Frå venstre: Håvard Øen, Lars Roti, Henriette Romarheim og Odd Bjarte Ringstad.

Foto: Anna GYtri / NRK

– Vi er vande med å søke innanfor fylket. Blir vi slått saman blir vi eit større fylke og må få fridom til å søke innanfor det fylket, seier Odd Bjarte Ringstad (15) i Førde.

Som resten av tiandeklassingane i landet har han akkurat søkt på vidaregåande skule. Hovudregelen er at ungdomane må søke skular i det fylket dei er folkeregistrert. Men korleis blir det om fylket ungdomane bur i blir større?

Ingen veit svaret enno

Politikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland er samde om å slå seg saman. Sist veke vart det klart at regjeringa går inn for at dei to fylka skal danne regionen Vestlandet.

Eit av spørsmåla det framleis ikkje finst svar på er korleis inntaket av elevar til dei vidaregåande skulane i den nye regionen skal organiserast.

– Det veit vi ingenting om, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Jacob Bredesen

POSITIVT FOR ALLE: – Elevane kan velje mellom eit meir variert tilbod, som gjer at dei enklare finn noko som passar for dei, seier Jacob Bredesen i Unge Venstre i Sogn og Fjordane.

Foto: Unge Venstre
Ruben Skrede

PRINSIPP: – Kjem du frå Sogn og Fjordane skal du kunne velje vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Kjem du frå vestlandsregionen skal du kunne velje skule i den regionen, seier Ruben Skrede i Senterungdomen i Sogn og Fjordane.

Foto: Jølster kommune
Ragnhild Fagerbakke

FRITT SKULEVAL: – Inntakssystemet bør bli regionbasert, at ein søker i regionen slik vi har gjort i fylket fram til no, meiner Ragnhild Fagerbakke i Unge Høgre i Hordaland.

Foto: Privat

Han seier det er fleire eksempel på fylke som er delt i inntaksområde. I Aust-Agder har dei til dømes fire inntaksregionar. Skinlo sin kollega i Hordaland trur noko liknande kan bli aktuelt også i ein ny vestlandsregion.

– Dette er ting som ikkje er diskutert. Men eg trur det vil vere hensiktsmessig å ha minst to søkeregionar, seier fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim.

Vil ha eitt stort inntaksområde

Det er politikarane i den nye vestlandsregionen som skal bestemme korleis elevane skal få velje vidaregåande skule. Rådet dei får frå ungdomspolitikarane er ganske klart.

– Dette handlar om elevane sin valfridom. Skal ein først ha eit slikt samarbeid, så vil det vere unaturleg å leggje gamle grenser til grunn, seier styremedlem Jacob Bredesen (18) i Unge Venstre i Sogn og Fjordane.

– Viss det blir lagt føringar for kvar elevane ikkje skal kunne gå, så går ein med ryggen inn i den nye regionen, seier politisk nestleiar i Senterungdomen i same fylke, Ruben Skrede (20).

Ragnhild Fagerbakke i Unge Høgre i Hordaland meiner det er logisk at elevane kan søke seg til skular i heile den nye regionen.

– Det er ingen ulemper ved å gje elevane valfridom til å velje vidaregåande skule.

Både i Hordaland og Sogn og Fjordane er det i dag slik at veldig mange ungdomar vel ein vidaregåande skule nær heimen. Tiandeklassingane i Førde trur mange vil gjere det sjølv om valalternativa blir utvida i ein ny region, men:

– Det er kjekt å ha fridomen til å velje, seier dei.