NRK Meny
Normal

Dei vil ikkje gå på skule med dei minste

Politikarane i Fjaler bur seg på å bla opp rundt 100 millionar kroner for å byggje ny skule i Dale. Eit alternativ er å slå saman barneskulen med ungdomsskulen, men det nektar ungdomane.

Tiandeklassingar ved Fjaler ungdomsskule

VIL HA SKULEN FOR SEG SJØLV: Berre nokre få elevar på Fjaler ungdomsskule er positive til ein fellesskule med første til tiandeklasse. Biletet er av deler av tiandeklasse på skulen. Sara Rose Zadig sit midt i biletet med mørk jakke og dongeribukse.

Foto: Privat

– Vi har ikkje lyst å bli slått saman med barneskulen, er det kontante svaret frå elevrådsleiar Sara Rose Zadig ved Fjaler ungdomsskule.

Eit stort fleirtal av ungdomskuleelevane vil sende følgande beskjed til politikarane: Dei vil ha det som i dag, der barneskulen og ungdomsskulen i Dale er kvar for seg.

– Det å få starte på nytt på ein ny skule gav oss motivasjon til å forbetre oss. Vi opplevde det som greitt å begynne på ein ny skule, der vi fekk kontakt med nye lærarar, vi kom i eit nytt miljø og i nye omgjevnader.

Politikarane tenker nytt

Gunhild Berge Stang

TEK AVGJERD I JUNI: Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang, seier dei skal bruke våren på å finne ei god løysing for skulane i Dale. Høyringsrunden blir avslutta 12. mai, før kommunestyret avgjer saka i juni.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dagens barneskule i Dale, Dingemoen, er svært nedsliten og har store kapasitetsproblem. Når kommunen vil byggje ny barneskule har også forslaget om ein felles barne- og ungdomsskule kome opp. På ungdomsskulen er det også behov for oppgraderingar, og driftsutgiftene i det gamle skulebygget vil bli store i åra framover.

– Vi ønskjer å sjå kva vi kan vinne på ei samanslåing, både fagleg og innhaldsmessig, og økonomisk, seier ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang (V).

Formannskapet bestemte seg i går for å sende saka om skulane i Dale ut på høyring. I høyringsframlegget blir rådmannen si innstilling lagt til grunn. Den legg opp til bygging av ein felles skule i Dale for 1.-10.-trinn, ein skule kommunen kan låne opptil 110 millionar kroner for å få bygd.

– Eg trur det er lurt å gå inn i dette med ei ope sinn. Det er fleire ulike alternativ som er sendt på høyring, og vi har ikkje konkludert politisk, understrekar ordføraren, som lovar å lytte til innspelet frå ungdomane.

Vil ha ulike argument på bordet

Ingvar Valvik er FAU-leiar ved Fjaler Ungdomsskule. Han og andre foreldre er godt kjente med at ungdomane i Fjaler vil at barneskulen og ungdomsskulen skal halde fram med å vere delt. Desse signala håpar han politikarane vil lytte til.

– Det er eit behov for at denne prosessen går fort og at det kjem eit vedtak. Men det er viktig at ulike partar blir høyre og at ulike argument kjem fram.

På ei uhøgtidleg avstemming på Fjaler ungdomsskule sa eit overveldande fleirtal nei til ein felles barne- og ungdomsskule. Elevane skal no samle seg om eit høyringssvar og håpar politikarane ser verdien av å ha det som i dag.

– Miljøet vi har på skulen er veldig bra, og det er ein veldig bra skule å gå på, seier elevrådsleiar Sara Rose Zadig.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser