– Det handlar om kvinnene sine rettar, og kampen forfedrane våre kjempa

SANDANE (NRK): Skulen deira har blitt kjent for eit stort publikum gjennom TV-serien «Lovleg». I dag markerte elevane si motstand mot endringar i abortlova.

Demonstrasjon for abortlova på Sandane

SKAL SENDE TIL ERNA: Teppet som ungdomane på Firda vidaregåande skule laga i dag skal dei sende til statsminister Erna Solberg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ungdomane gjekk tomme for måling, lerret og hanskar då dei tysdag slo ring rundt abortlova.

– Vi vil ikkje at lova skal bli endra på, seier Evy Søreide, elev ved Firda vidaregåande skule på Sandane.

Usamd i forhandlingar

I førre veke protesterte kring 1.000 demonstrantar framfor Stortinget mot regjeringa sine antydningar om å endre abortlova. I dag la AUF Sogn og Fjordane si markering til den vidaregåande skulen i Gloppen.

I matfriminuttet ved skulen der NRK-serien «Lovleg» er spelt inn , markerte elevane sin motstand til at det i det heile blir forhandla om abortlova med å feste sine handavtrykk på lerret.

Paulina Sitarz, leiar i Stryn AUF og elev ved skulen, meiner abortsaka er viktig.

– Det handlar om kvinnene sine rettar, og kampen forfedrane våre kjempa for at vi skulle få rett til å ta abort. Ei endring svekkjer kvinnene sine rettar og tek oss tilbake i historia, seier ho.

Møter stor støtte

Bakteppet for demonstrasjonen er statsminister Erna Solberg (H) sin uttrykte vilje til å forhandle om abortlova like før KrF valde å søke regjeringsmakt med Solberg.

KrF krev å fjerne paragraf 2 c i abortloven. Høgre vil byte ut paragrafen med ei formulering om at abort kan bli innvilga om barnet ikkje er levedyktig.

På Sandane var interessa så stor at arrangørane gjekk tomme for både hanskar, lerret og måling.

– Ikkje alle vil setje ned handa, men opplevinga mi er at folk stort sett er samde, seier Sitarz.

Håpar signala når fram

– Mange seier at dei ikkje tykkjer politikk er spennande, men at dette er noko dei brenn for fordi det går på rettane til kvinner, legg ho til.

AUF-politikaren, og Firda-eleven, trur den store usemja rundt abortspørsmålet når fram til politikarane.

– Det at vi demonstrerer her i dag, og den store usemja i saka, håpar eg når fram til politikarane som styrer med dette. Det bør vere eit signal om at folk, og ungdom, er usamde med dei, seier Sitarz.

Gunnhild finner ut av kva ho skal gjere.

LOVLEG: Ungdomsserien «Lovleg» er spelt inn på skulen der det i dag var var markering mot endringane i abortlova.