Hopp til innhold

Ungdomane får sitt kulturkort

Ungdomane i fylket kan no få eit eige kulturkort som gir rimelegare kultur­opplevingar.

Eit slikt kort eksisterer allereie i andre fylke, men i Sogn og Fjordane har politikarane til no ikkje klart å bli samde i saka.

Hovudutvalet for kultur har vedteke å innføre kortet. Fylkestinget skal endeleg avgjere saka i desember.

Utvalet føresler å løyve opp mot ein million kroner til kortet.