Hopp til innhold

Ungdom spelar stadig meir dataspel – Arne (16) ser ikkje problemet

GLOPPEN (NRK): Nye tal frå Medietilsynet syner at nesten alle unge gutar spelar dataspel. Arne (16) spelar fem timar kvar dag, men ser ikkje problemet med det.

Arne Devik spelar dataspel

LIKAR DATASPEL: Arne Osnes Davik frå Gloppen spelar dataspel mange timar kvar dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Dei ferske tala frå Medietilsynet syner at det å spele dataspel er svært populært blant dagens ungdom. 93 prosent av gutar og 63 prosent av jenter i alderen 9–18 år spelar ulike former for spel.

– Det er den kjekkaste tida i løpet av dagen, så for meg er det berre positivt å bruke mykje tid på dataspel, seier Arne Osnes Devik frå Gloppen i Nordfjord.

– Det kan ikkje vere bra

Det første 16-åringen gjer når han heim frå skulen er å benke seg ned framføre dataskjermen. Og for Arne er det ei høgtidsstund kvar dag.

– Det er så frigjerande. Dataspel tek meg vekk frå alle distraksjonar, og gjev meg eit frirom i livet. Det hjelper meg å finne glede i kvardagen.

Allereie frå åtteårsalderen byrja Devik å spele i lag med storebrørne, og han vart hekta frå første stund. Folk rundt han har alltid meint at han brukar for mykje tid på det. Sjølv ser han ikkje problemet.

– For meg er dataspel berre noko positivt.

Far Magne Devik innrømmer at han ikkje kan så mykje om det sonen driv på med inne på guterommet, men han er ikkje heilt samd i at det er uproblematisk.

– Han brukar alt for mykje tid med dataen, tykkjer eg. Eg er lært opp til at fysisk aktivitet er viktig, og at ein må bevege seg og bruke kroppen. Då kan det ikkje vere bra å sitje timevis med dataspel kvar dag.

Magne Devik

SER PROBLEMET: Far til Arne, Magne Devik, tykkjer ikkje det er uproblematisk at sonen spelar så mykje dataspel.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vil hjelpe foreldre å sjå dei som har eit problem

– For nokre er det vanleg å spele i ein time kvar dag. Andre kan spele fem timar, det viktige er at foreldra har prata med ungane om kva som er for mykje, seier Bjørn Leirdal.

Bjørn Leirdal

OPPMODAR TIL SAMTALE: Bjørn Leirdal er prosjektleiar bak snakkomspill.no. Han oppmodar foreldre om å prate med ungane sine om dataspel.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Han er prosjektleiar bak nettsida «snakkomspill». Medietilsynet og Lotteritilsynet har samarbeida om å utvikle tenesta for å hjelpe foreldre med å forstå kva dataspel er, og kor mykje speling som er for mykje.

– Sida er laga for å hjelpe foreldre å identifisere problemspelarar. Det er ungdom som går glipp av skulen, ikkje søv om nettene, eller brukar mykje tid på å krangle med foreldra, seier Leirdal.

Arne Osnes Devik er i alle fall klar på at han ikkje har planar om å spele mindre.

– Det betyr mykje for meg å spele dataspel, og det har vore bra for meg. Eg har lært mykje av det, og eg har fått mykje glede ut av det.