Hopp til innhold

Ungdom på hybel slit meir med vekta enn dei som bur heime

Om lag 35 prosent av dei som bur på hybel i fylket er overvektige eller har fedme. Det vil seie at dei har ein BMI over 25 og oppover, seier forskar John Roger Andersen i Helse Førde.

John Roger Andersen

FORSKAR PÅ UNGDOM: John Roger Andersen i Helse Førde ser både positive og negative tendensar blant dagens unge i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det viser ei undersøking gjort blant elevar i 2. klasse på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Tala kjem frå den store ungdomsundersøkinga som blir lagt fram på sjumilskonferansen i Loen i dag. Held denne trenden seg er det alvorleg, seier Andersen.

– Vi ser det er store skilnader i fylket, både geografisk og mellom dei som bur på hybel og dei som bur heime. Dei på hybel har større risikofaktorar enn dei som bur med foreldra, seier han.

Må setje inn målretta tiltak

Tala viser at 35 prosent av dei som bur på hybel er overvektig eller har fedme, medan talet for dei heimebuande er 25 prosent.

– Kosthaldet og vekta er meir uheldig hos dei som bur på hybel. Når det blir avdekka spesielle grupper eller geografiske område, kan vi setje inn tiltak som er meir målretta enn dei som er mot heile befolkninga.

Ungdommen ligg i øvre halvdel

Men det er ikkje berre hybelbuarane som slit med for høg vekt. Rapporten til Andersen viser ein generell negativ tendens når det gjeld auke i overvekt og fedme mellom 17-åringane som var med i undersøkinga.

Forskarane blei først merksame på at stadig fleire er overvektige, då dei såg rekruttane frå Sogn og Fjordane blei tyngre og tyngre.

– Det er objektiv målt på sesjon. Når vi sjølv såg på dette i undersøkinga i 2012, såg vi at førekomsten av fedme og overvekt har auka. Sjølv om vi ikkje har gode tal frå fylket frå tidlegare, ser vi at ungdommane ligg i øvre halvdel når det gjeld overvekt og fedme i Norge, seier forskaren.

– Kva betyr det?

– Det betyr at fem-seks prosent av ungdommane våre har fedme, likt fordel på jenter og gutar. Vi har også ein stor del som har utvikla overvekt. Dette kan skuldast både musklar og feitt. Her er ein litt mindre sikre, men vi ser at det er ei negativ utvikling på gang.

Kan få negative følgjer

Når forskarane ser på fedme og overvekt, er det kroppsmasseindeksen, BMI, som ligg til grunn. Andersen seier overvekt kan kallast mild fedme, medan fedme rimeleg sikkert er helsefarleg.

– Kor alvorleg er dette problemet?

– Blir det ikkje gjort noko med dette, er det negativ i forhold til dei positive trendane vi ser med mindre røyking og rus. Helsegevinsten samla sett blir mindre enn vi kunne ønske oss.

– Bør ta desse tala på alvor?

– Ja, det bør vi. Dette gjeld ikkje berre Sogn og Fjordane, men heile landet og den vestlege verda. Her deler vi skjebne med mange, seier han.

Jentene opplever dårlegare mental helse

Undersøkinga viser også at det er fleire jenter som slit med den mentale helsa si. Jentene melder om dårlegare mental helse enn gutane. Dette har utvikla seg mykje sterkare enn dei hadde trudd sidan førre undersøking.

– Jenter har dårlegare sjølvrapportert helse og litt dårlegare mental helse enn gutar. Sist gong vi undersøkte, gjorde jentene eit hopp. Kvar fjerde jente rapporterer om dårlegare opplevd mental helse.

Førebels veit ikkje forskarane om kvifor det er jenter som har det verst mentalt. No skal dei undersøkje materialet nærare.

– Er desse tala rette og vi finn same tendens i neste undersøking, er dette grunn til å vere uroa. Om vi kan konkludere med at jenter har ei dårleg utvikling, må vi ta tak i det, seier han.

Stadig færre røykar

sigarett

FÆRRE UNGE RØYKER: No er det tre til fem prosent av ungdommane som røyker dagleg. I 1997 var det om lag 30 prosent som røykte av dei vidaregåande skulane.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Men rapporten viser også positive utviklingar. Det er nedgang i talet på ungdomar som røyker og bruker alkohol og anna rus i fylket.

– Når vi har følgt trendane får 1997 og fram til i dag, ser vi ei positiv utvikling i forhold til røyking. No er det tre til fem prosent av ungdommane som røyker dagleg. I 1997 var det om lag 30 prosent som røykte av dei vidaregåande skulane.

– Vi ser også at ungdommen brukar mindre alkohol. Der er vi mindre sikre på trendane, men det ser slik ut også der, seier Andersen.

Det er gjort undersøkingar blant ungdom i Sogn og Fjordane heilt tilbake til 1997. Den siste viser heilt konkrete endringar og utviklingstrekk. Dei positive er altså ein enorm nedgang i talet på dei som røykjer dagleg og det er ein sterk tendens at det blir brukt mindre rusmiddel som narkotika og alkohol.

– Dette er positivt. Vi veit at jo lenger alkoholdebuten blir utsett, jo mindre rusproblem vil ein sjå att i vaksen alder.

Færre drikk seg fulle

I 2009 var det 26 prosent av 17-åringane som aldri hadde drukke seg fulle. I 2012 var talet 33 prosent.

– Vi ser ein forsiktig betring når det gjeld alkohol og rus. Det er også færre ungdom som har prøvd narkotika.

Årsaka kan vere interessa som dagens ungdom har, med databruk og interaktivitet. Andersen seier mange ungdom ikkje ser noko opprør i det å drikke.

– Ein del ungdom tykkjer ikkje det er kult å drikke alkohol, seier han.

Er optimistisk for framtida

Andersen seier det er viktig å skilje mellom det sjukdomsførebyggjande arbeidet og det helsefremmande arbeidet. Han seier det kan vere lurt å ha meir fokus på det siste.

– Sogn og Fjordane skal vere eit raust fylke der folk er inkludert og føler dei blir sett. Eg er positiv på vegner av ungdommen vår. Dei har mykje ressursar. Vi må spele dei gode og finne kva dei har talent og lyst til. Klarer vi det, har vi all grunn til å vere optimistiske, seier han.