Grunnen er mangelen på spesialistar, seier direktør Ole Christian Reusch i Helse Førde.
- Vi manglar psykologspesialist og barne- og ungdomspsykiater. Men vi har som mål at vi tidleg i haust har full kompetanse og er i full drift, seier han.
Lange ventelister
I dag er det offentleggjort statistikk på landsplan som fortel om lange ventelister for barn- og unge som treng psykiatrisk hjelp, og at unge må vente lenger enn vaksne. Særleg er situasjonen på Vestlandet ille, der dei unge må vente i 107 dagar i snitt på å få hjelp.
Betre her i fylket
I Sogn og Fjordane er situasjonen langt betre, og forskjellen mellom born og vaksne er liten. På poliklinikken i Nordfjord er ventetida berre 26 dagar, i Sogndal 44 dagar, medan BUP i Førde har ei ventetid på 89 dagar. Det er over det styresmaktene har sett som maksimal tal, men under vestlandssnittet. Reusch seier situasjonen i Førde ikkje er god nok.
- Det er ikkje godt nok, men vi er eit føretak som har problem med å rekruttere ferdig utdanna spesialistar i fagfeltet, seier han.
Vanskeleg å skaffe fagfolk
Reusch seier det er vanskeleg å skaffe desse fagfolka fordi fagmiljøet er lite samanlikne med andre stadar.
- Dette er fagfolk på høgt nivå som har behov for fagleg kommunikasjon med andre på same nivå. Det betyr at vi må utdanne dei sjølv og det tek fem år. Og så misser vi også fagfolk til andre, for ein spesialist er attraktiv, seier han.
- Ikkje i livsfare
Men sjølv om ungdomsinstitusjonen ikkje er i full drift, og det er køar på poliklinikkane meiner direktøren at unge med vanskar i fylket ikkje kjem i livsfare på grunn av manglande tilbod.
- Eg trur ikkje at nokon er i fare for at vårt tilbod er for dårleg. Det som kan vere ein fare er at lokal helseteneste og støtteapparat rundt i kommunane ikkje oppdagar at ungdommen har psykiske problem før det blir så alvorleg at det kan vere ein fare. Men straks det blir oppdaga, så blir dei behandla hos oss, seier han.