Hopp til innhold

Ungdom i tvil om influensavaksinen

Sekstenåringar avgjer sjølve om dei vil ta vaksinen eller ikkje. Men på Hafstad vidaregåande skule i Førde meiner elevane at både presse og fagfolk skapar full forvirring rundt emnet.

16-åringane tykkjer informasjonen om svineinfluensavaksinen har vore særs mangelfull.

- Vi burde bli informert betre. Dei burde reist rundt på skulane og orientere om faren og alt med svineinfluensa. For det einaste vi har fått beskjed om er det som står i avisene. Men det står ganske mykje der, meiner 16-åringane på Hafstad skule. Frå venstre: Iselin Juliet Strømsøy Skår, Synnøve Dvergsdal, Karoline Holme, Charlotte Sægrov.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

- Dersom du går til ein lege, så meiner han at du bør ta vaksina. Medan ein annan kan meine at det ikkje er så viktig å ta den sidan du ikkje er i risikogruppa. Så det er veldig vanskeleg å ta stilling til noko. Det står ulike ting i avisa. Dei finn ut noko nytt heile tida, meiner Charlotte Sægrov og Karoline Holme.

- Vart frårådd

Det er ikkje lett å vere 16-åring å avgjere, utifrå ein jungel av motstridande informasjon, om ein skal vaksinere seg eller ikkje mot svineinfluensaen. Fastlegen frårådde Iselin Juliet Strømsøy Skår å ta vaksina.

- Han sa at det ikkje var særleg bra at eg skulle ta den. For ein veit ikkje alle biverknadane ein kan få på langsikt, fortel ho.

Internett og TV

Helsedirektør Bjørn Inge Larsen meiner det er viktig å informere ungdomane. Dette er noko dei skal byrje med for fullt. Dei vil treffe ungdomen, der ungdomane er.

- Då er det slik at vi har vald å køyre filmar på TV og kino og då vel vi særleg tidspunkt der vi treff ungdom. Så er det også slik at vi vurderer å bruke internettsidene våre og kanskje facebook-sidene for å grunngje på ein god måte kvifor ein bør la seg vaksinere, seier Larsen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Ikkje så nøye

Men for Synnøve Dvergsdal ved Hafstad vidaregåande skule, er det ikkje så nøye om ho får vaksinen eller ikkje. Ikkje så lenge ho kjenner seg frisk.

- Det kjem an på. Får eg beskjed om å ta den, så kan eg godt ta den. Men så lenge eg er frisk så føler eg ikkje noko tvang for å ta den, seier ho og legg til at ho nok vil ta vaksinen om foreldrene ber henne om det.

- Bør ta den

Helsedirektøren derimot meiner det er viktig at også ungdom utanfor risikogruppene tek vaksinen.

- Det er slik at denne sjukdomen treff ungdom også utanfor risikogruppene av og til med alvorleg sjukdom. Vi vil rå ungdomane til å ta vaksinen. Grunngjevinga skal ungdomane få veldig tydeleg få frå oss både på nett og gjennom andre medium, seier Larsen.

- Kan vere anna virus

Overlege Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet meiner at folk bør vaksinere seg sjølv om dei trur at dei har hatt svineinfluensa. Helsestyresmaktene meiner at kring 700 000 nordmenn har hatt svineinfluensa, men at berre 10 000 har fått viruset stadfesta.

- Derfor må folk ta høyde for at de kan ha vært syke av et annet virus, sier Bjørn Iversen.