Hopp til innhold

Ungdom falt ut frå eit vindauge

Ein ung mann skal ha falt ut frå eit vindauge og landa på betong i Florø. Er sendt til sjukehus med skade i hovud og skulder.

Brandsøy

Det var natt til sundag kl. 01.20 politiet fekk melding om ei fallulukke i Brandsøy i Florø. Den skadde er ikkje avhøyrd av politiet, men det var vitne på staden.

– Fleire vitne kunne bekrefte at den skadde skal ha hengt seg opp ned med beina ut eit vindauge. Mannen skal ha mista taket og falt ned i betong, seier Vest politidistrikt sin operasjonsleiar i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

Ungdomen har moderate skader i hovud og skulder og blei sendt med ambulanse til sjukehus.

– Lege undersøkte mannen på staden, og kunne melde om moderate skader i hovud og skulder, seier Hatlenes.

Laster Twitter-innhold

Ei travel natt

Natt til sundag var det mykje å ta tak i for politiet i Sogn og Fjordane.

– Det gjekk ganske jamt i natt fram til klokka 5 med mykje ordensforstyrringar. På sommartid skjer det mykje både her og der, noko som gjer til at vi gjerne har litt meir å ta tak gjennom helgene, seier Vest politidistrikt sin operasjonsleiar i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

Rett før midnatt måtte politiet til Olden etter melding om festbråk der om lag 20 personar var samla. Festedeltakarane fekk beskjed om å avslutte festen innan ein halv time.

Fleire måtte køyrast heim i nattetimane

I både Florø og Førde måtte politiet frakte rusa personar heim til foreldra.

Kl. 01.43 fekk politiet melding om ein overstadig rusa person på Kolkaia i Florø, som politiet køyrde heim att. Seinare på kvelden måtte politiet køyre ein rusa person heim frå Krokane i Florø.

Både i Vik og i Vågsøy måtte politiet køyre rusa personar heim.

Amper stemning natt til sundag

Ein person på legevakta skal ha blitt slått til av ein annan i Jølster. Gjerningspersonen dukka opp på legevakta og det var amper stemning, noko som gjorde til at politiet var på legevakta ei stund.

Ein mann i Florø er arrestert for familievald. Kona sendt til legevakta med skadar i ansiktet.

Seinare måtte politiet i Florø rykke ut til bråk og slåstkamp ved ein bensinstasjon i Florø