Hopp til innhold

Ungdom etterlyser folkeskikk i politikken

BALESTRAND (NRK): – Eg tykkjer det er kjedeleg at dei øydelegg den politiske debatten med å gjere han usakleg og så tvil om motiva til andre parti, seier Håvard Frafjord som er ungdomspolitikarar for KrF.

Hans Christian Knudsen, Sterre Vaartje og Håvard Frafjord

ØYDELEGGANDE: Hans Christian Knudsen, Sterre Vartje og Håvard Frafjord er skuffa over debattnivået rundt Listhaug-saka.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tysdag gjekk Sylvi Listhaug av som justisminister etter ei veke med harde ord og røff debatt blant rikspolitikarane . Mellom dei som er følgt med på det som har skjedd, er elevar ved den kristne privatskulen Sygna vidaregåande skule i Balestrand.

Der er Frafjord er glad for at Listhaug i dag trekte seg som justisminister. Men han likar ikkje måten politikarane har snakka til kvarandre på i denne debatten.

– Eg tykkjer at i mange tilfelle så klarer mange ungdommar å debattere betre enn dei fleste vaksne, seier Frafjord.

– Ingen samlande statsråd

– Sylvi Listhaug er god til å mobilisere dei som er samde med ho, men ho er ingen samlande person slik ein statsråd bør vere, seier Ida Vikøren Andersen.

Andersen er stipendiat ved retorikkgruppa ved Institutt for informasjon- og medievitenskap Universitetet i Bergen, og har sett litt på korleis Listhaug framstiller seg sjølv i media. For det var ingen slagen Listhaug som tysdag stilte på pressekonferansen for å fortelje at ho trekte seg som justisminister.

– Ho framstiller det som at alt som har skjedd den siste veka skuldast at Arbeidarpartiet forsøker å kneble ho. Her kommuniserer ho direkte til sine tilhengarar, seier Andersen.

Andersen meiner og at Listhaug nyttar seg av ein antiparlamentarisk retorikk. Ho syner til at det i Norge er tradisjon for at ministrane snakkar på vegner av regjeringa og ikkje seg sjølve.

– Men det Listhaug gjorde då ho skulda Ap for å verne om terroristar er akkurat det motsette. For framlegget ho kritiserte Ap for, var vedteke av Stortinget, og dermed noko ministeren skulle stilt seg bak. Vi ser det og på pressekonferansen i dag der ho seier at ho vil vere seg sjølv og ikkje la andre bestemme kva ho skal seie. Det er ein ny måte å tenke om rolla som minister, seier Andersen.

Vil ha meir sakleg debatt

– Som ungdom kan vi tenkje at dette vil vi ikkje ta del i fordi det blir så usakleg. Eg skulle ønskje vi hadde ein meir sakleg debatt, både i og utanfor Stortinget, seier Hans Christian Knudsen.

Sterre Vartje

LÆRDOM: Sterre Vaartje meiner folk må ta lærdom av det som skjedde i Listhaug-saka.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Elevane ved skulen meiner debatten i klasserommet har vore meir sakleg enn debatten på Stortinget.

Sterre Vaartje håper politikarar og folk som ytrar seg i sosiale medium kan ta lærdom av det som har skjedd dei siste vekene.

– Mange politikarar har oppført seg uprofesjonelt. Framover håper eg at Stortinget og regjeringa kan fokusere på saker som er viktige for samfunnet og kan legge dette bak seg, seier ho.