NRK Meny
Normal

Sliten ungdom strøymer til folkehøgskulane

Søknadsmassen til folkehøgskulane har aldri vore større. Trenden er at stadig eldre ungdom tek eit friår, gjerne frå høgare utdanning.

MANGE VEGVAL

MANGE VEGVAL: Pia Skjelstad (16) og Maria Eide Storheim (20) har begge friår frå det vanlege skulesystemet for å vere elevar ved Sunnfjord folkehøgskule.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg var eigentleg veldig skulelei etter vidaregåande, men var ikkje sikker på kva eg ville. Ettersom eg hadde søkt på høgare utdanning og kome inn, byrja eg på studiet. Det vart tøffare enn eg trudde, seier Maria Eide Storheim.

Ho starta på høgare utdanning, men droppa ut ein månad før dei siste eksamenane. Då såg ho seg rundt etter alternativ og søkte på Sunnfjord folkehøgskule.

Fleire tek friår frå høgare utdanning

Dorte Birch

Dorte Birch, dagleg leiar for Informasjonskontoret for Folkehøgskolen

Foto: Privat

Ifølgje Statistisk sentralbyrå og Informasjonskontoret for Folkehøgskulen, er ikkje Storheim aleine.

– Gjennomsnittsalderen ligg ein stad mellom 19 og 20 år, men vi opplever no i større grad at eldre ungdommar søkjer. Vi får stadig oftare inn dei som har starta på høgare utdanning, men treng pause, seier Dorte Birch, dagleg leiar hjå Informasjonskontoret for Folkehøgskulen.

Dei siste ti åra har talet på søkarar som er 20 år eller eldre stige drastisk.

På folkehøgskulen får ein lov til å jobbe ut ifrå motivasjon og læringsglede.

Dorte Birch, dagleg leiar ved Informasjonskontoret for Folkehøgskulen

Oppgang for folkehøgskulane

Folkehøgskulane har opplevd ein kraftig vekst. Dette meiner bransjen det er fleire grunnar til:

– Tidlegare elevar har vore nøgde og formidlar dette til vener og familie. Skulane er gode og har linjer som treff ungdommen. Den siste grunnen har nok med samfunnet å gjere. Vi har ei ungdomsgruppe som er slitne etter 13 år på skule med eksamenar, karakterar og fråværsgrenser, seier Dorte Birch.

Ungdommane i dag skal vere så flinke, men vi spør ikkje etter karakterar, for her er alle velkomne.

Jorun Knapstad, rektor ved Sunnfjord folkehøgskule

Ser over søknadar

MANGE SØKNADAR: Inspektør Arne Håberg og rektor Jorun Knapstad ser over informasjonsbreva som skal sendast ut til dei rundt 100 potensielle elevane som har søkt før inntaket startar 1. februar.

Folkehøgskulen skal vere for alle

Sunnfjord folkehøgskule er ein av skulane i landet med 16 års aldersgrense, men heller ikkje dei er ukjende med elevar som hoppar av høgare studium.

– Ungdom syns dei treng eit år til å tenkje seg om for å velje rett. Eg trur dei gjer rett i og stoppe opp, seier Jorun Knapstad.

– Ofte startar elevane året med spente skuldrer som i løpet av året vert senka, seier Birch.

Sjakkspeling

SPELAR SJAKK I PEISESTOVA: Nasis Ali Mohammad Tahij (16) frå Afghanistan, Maria Eide Storheim (20) frå Bergen, Pia Skjelstad (16) frå Stjørdal, Isak Taugland (18) frå Sandefjord og Anita Dilrukshi (21) frå Sri Lanka.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Press på å vere vellykka

– Det er mange flinke ungdommar som har gjort det godt i skulen som søkjer, men dei har kanskje eit press på at dei skal vere så vellykka, seier Knapstad.

– Eg kjenner veldig på dette med presset på å vere flink. Det er også så mykje anna press. Både med kropp og utsjånad. Når det er press frå mange kantar blir du sliten. Til slutt seier det stopp, seier Storhaug.

Ho hadde lyst til å reise og oppleve noko nytt, men følte det var vanskeleg å reise ut i verda aleine.

– Dermed var det veldig greitt å starte ved Sunnfjord folkehøgskule der ein reiser saman i grupper og det er organisert, seier Storhaug.

Eg trur familie og vener synast dette er bra for meg, for dei ser at eg har utvikla meg på ein positiv måte.

Maria Eide Storheim, elev ved Sunnfjord folkehøgskule

– Det er ikkje sjeldan vi møter godt vaksne folk som seier dette var det viktigaste året i livet, seier Birch.

Læraer å samarbeide

LÆRER SAMARBEID: Alle elevane på folkehøgskule må samarbeide. Her er Pia Skjelstad (16) og Maria Eide Storheim (20) i sving med oppvasken.

Foto: Wibeke Bruland / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.