Hopp til innhold

Ungdom ber foreldre stogge langing

Ungdomsrådet i Sogndal vil ha slutt på at foreldre langar alkohol til mindreårige.

Ungdomar mot alkohol-langing.

28. april blir foreldra invitert til møte der dei mellom anna får høyre at det å kjøpe til alkohol til unge under 18 år ikkje er greitt, fortel Andrea B. Kvam (f.v.), Runa Buene, Albert Andersen Øydvin.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dei set no i gang ein kampanje retta mot foreldre, skriv Sogn Avis. Målet er å utsetje alkoholdebuten til ungdomane.

- Dersom foreldre har eit lett forhold til alkohol, så er det veldig lett at ungdomen arvar det. Vi prøver å ta problemet no, slik at det ikkje utviklar seg og blir endå større, seier Andrea Kvam til NRK.

- Det er ikkje lov

Ungdomsrådet meiner det er viktig å nå fram til foreldre sidan dei påverkar ungdomen sine haldningar. Det er berre dagar til mai månad tek til. Ein månad som tradisjonelt sett er prega av mykje fyll blant ungdom. For å få det til må også foreldra lære ei lekse.

- Då foreldregenerasjonen kanskje var litt yngre var det vanleg at dei gjekk ut og byrja å drikke etter konfirmasjonen. Det er veldig mange foreldre som har med seg det, og tykkjer det er greitt at ungdomen i dag også gjer det. Difor vil vi ut til foreldrene og gje dei på ein måte opplæring i at det er faktisk ikkje lov å drikke før du er 18 år, seier Kvam.

- Fantastisk initiativ

Ei undersøking som politiet i Sogndal gjorde i fjor, viste at stadig fleire tiandeklassingar drakk alkohol og at dei drakk meir. Lensmann Jan-Tore Thue jublar over initiativet til ungdomsrådet.

- Eg tykkjer det er eit fantastisk godt initiativ og det er trass alt slik at ved alkoholinntak så går vurderingsevna ned og ungdome utset seg frå tid til anna for farer dei ikkje har tenkt igjennom på førehand, seier han.

Det blir meir om denne saka i Vestlandsrevyen onsdag.