Pedagogikken stod i høgsetet då dei to kom til sentrumsskulen i Vik ti på elleve måndag føremiddag. Spente born i 1. klassen fekk først ta i mot Kongen og Dronninga inne på klasseromma sine.
Etterpå spelte ungane eit lite skodespel for dei konglege ute. Det handla om kunsten "mjølking av kyr" - og fleire av borna var også utkledde som kyr - med jur og alt som elles høyrer til.
Skulegarden var full av born som leika og dei var tydleg stolte av å få kongeparet på besøk. Parek fekk også sjå korleis leiking kan brukast i skulesamanheng.