NRK Meny
Normal

Ung mann til legesjekk etter uhell på E39

Ein mann i starten av 20-åra vart send til legesjekk i Gloppen etter eit trafikkuhell på E39 ved Sandane. No kan han vente seg eit oppgjer med lovas lange arm.

Bil med dårlege dekk i uhell på E39 Sandane

OPPRETTAR SAK: Politiet har oppretta sak mot bilføraren etter uhellet på E39 sør for Sandane.

Foto: Inger Haldis Aske Lothe, Firda Tidend

Politiet fekk like før klokka 18 onsdag kveld melding om eit trafikkuhell i området ved Eide på E39 på Sandane. Ambulanse og politi vart sende til staden.

Ifølgje politiet skal personbilen ha snurra rundt og vidare inn i fjellveggen. Føraren, ein mann i 20-åra, var åleine i bilen.

Ved politiet sin operasjonssentral i Florø fekk NRK klokka 18.30 opplyst at føraren var komen ut av køyretøyet og vart teken hand om av andre bilistar som hadde kome til.

Like før klokka 19 opplyste politiet at mannen var send til lege for sjekk. Ein halvtime seinare viser det seg at mannen er uskadd.

Det er ikkje mistanke om rus. Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

Politiet opplyser klokka 19.35 at det er oppretta sak etter uhellet. Ein sjekk av bilen viste at den hadde to piggfrie vinterdekk med mønsterdjupn under den lovlege grensa på tre millimeter.

Vegtrafikksentralen melder onsdag kveld om at det er vanskelege køyreforhold fleire stader i fylket på grunn av vêrskiftet. Også hos politiet har dei fått meldingar om glatte vegar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.