Hopp til innhold

Fann ung mann skuldig i lang rekkje forhold

I løpet av tre månader gjorde mannen seg skuldig i 12 lovbrot. No er han dømd til fengsel.

Pågripinga 11. juli i år sette ein stoggar for mannen i 20-åra si lange rekkje med lovbrot.

Då han nyleg møtte i Fjordane tingrett måtte han svare for 13 lovbrot.

Slåstkamp på skule

Det eldste forholdet skriv seg frå januar i fjor, då han hamna i basketak med ein medelev ved ein skule i fylket. Partane var usamde om bakgrunnen for hendinga, men tingretten fann mannen skuldig i lekamskrenking.

Den eine hevda det starta med tilbod om å kjøpe narkotika, medan tiltalte meinte situasjonen utvikla seg då han snakka med ei veninne av fornærma.

Medelevar prøvde å gripe inn for å skilje kamphanane, men det var først då ein lærar kom inn i klasserommet at situasjonen løyste seg.

Lovbrota eskalerte

Mannen vart også funnen skuldig i å ha røykt hasj og for å ha oppbevart ein slåsthanske i Førde i april i år. Frå dette tidspunktet eskalerte mannen sine lovbrot.

I juni trua han tilsette ved eit NAV-kontor då han ikkje fekk meir pengar enn dei kunne tilby han.

Han trua også med å knuse ein miljøarbeidar i kommunen. Truslane vart retta då den unge mannen braut besøksforbodet han fekk etter ei tidlegare hending.

Drapstrua nabo

Vidare gjorde han skade for nær 50.000 kroner på ei kommunal leilegheit og ein overnattingsstad i Førde. Mannen vart også funnen skuldig i å ha trua med å drepe ein tidlegare nabo, samt å ha brote to besøks- og kontaktforbod.

Til slutt vart mannen dømd for tjuveri frå mellom anna to bensinstasjonar.

Sjølv om mannen erkjende straffskuld for enkelte postar, gav ikkje retten mannen særskilt tilståingsrabatt.

– Det blir i denne samband vist til at tiltalte stadig endrar meining når det gjeld spørsmålet om straffskuld. Dette gjeld både frå politiforklaringane til forklaringa i retten, og frå tidlegare rettslege forklaringar og til forklaringa i retten, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Manglande respekt

Retten meinte også at mannen viste manglande respekt for både påtalemakta og rettsstellet under rettssaka.

Mannen vart dømd til fengsel i 120 dagar, men han får 107 dagar i frådrag for varetektsfengslinga sidan 12. juli.

Overnattingsstaden kravde 17.500 kroner i erstatning for skadane. Beløpet er mindre enn skadeverket, då overnattingsstaden har krav på momsfrådrag. Mannen må også betale 1.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.