Hopp til innhold

Ung mann omkom etter MC-ulukke i Sogn og Fjordane

Det var 19 år gamle Adrian Grimsbø Djupvik som omkom etter motorsykkelulukka i Fjaler tysdag kveld. Ein mann i 20-åra er framleis hardt skada.

Ulukke Fjaler / Scanpix
Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal / Firdd / NTB / Cecilie Brendehaug Rysjedal / Firda

Politiet stadfestar dette i ei pressemelding.

– Avdøde vart sendt med legehelikopter til Haukeland sjukehus, men livet hans stod ikkje til å redde, skriv politiet.

Dei pårørande er kjende med at politiet går ut med namnet.

Motorsykkelfølgje

Det var tysdag kveld at politiet fekk beskjed om at to motorsyklar hadde vore var involverte i ei ulukke på fylkesveg 57 ved Nistadlia i Fjaler. Tenestestadleiar Åge Løseth fortel at den omkomne var ein del av eit større motorsykkelfølgje

– Så vidt vi har informasjon på, så er det snakk om fire motorsyklar, som kom frå Dale og inn mot Førde, seier han.

Løseth vil ikkje foreløpig seie noko om årsaka til hendinga.

– Vi har danna oss eit lite bilete av kva som skjedde, og har ei form for arbeidshypotese, men foreløpig held vi det for oss sjølve.

Avhøyr

Den andre føraren som vart sendt til sjukehus i Førde, skal vere ved bevisstheit.

– Han er alvorleg skada, men tilstanden er ikkje kritisk, så vidt me kjenner til.

Løseth håpar politiet får anledning til å komme i prat med mannen i løpet av dagen.

– Det kan godt vere at me allereie i dag får høve til å ta eit avhøyr med han på sjukehuset.

Etterforskar vidare

Løseth fortel at politiet i Fjaler no etterforskar saka for fullt for å finne betre ut av kva som skjedde.

– Me jobbar vidare gjennom avhøyr av vitne, både med dei som var med i motorsykkelfølget og andre som kom til staden.

Han håpar dei kan få svar så fort som mogleg

– Me lyt ta den tid som er nødvendig, naturlegvis. Men me skal prøve å få unnagjort viktige etterforskings-steg denne veka og kanskje allereie i dag, seier han.