Hopp til innhold

Ung mann dømt for å filme jenter i skjul

Ein mann frå Sogn og Fjordane er dømd for å ha nytta skjult kamera då jenter kledde av og på seg i samband med modellfotografering i leiligheta hans.

Fjordane tingrett 6

DØMT I SOGN OG FJORDANE TINGRETT: Ein mann i 20-åra er dømt til samfunnsstraff for snikfotografering og for å ha stole legemiddel frå eit sjukehus.

Foto: Arne Stubhaug / NRk

Mannen i slutten av 20-åra fekk nyleg ein dom på 58 timar samfunnsstraff som blant anna omfattar tre tilfelle der skjult kamera blei nytta for å filme jenter medan dei kledde av og på seg.

Mannen som er tidlegare helsearbeidar har også stjole legemiddel frå eit sjukehus og nytta falske rekvisisjonar for å få tak i narkotiske legemiddel.

Politiet meiner at mannen på ein utspekulert måte har utnytta situasjonar på jobb og fritid for å tilfredsstille eige rusproblem og seksuelle lyster.

Var ikkje klar over filminga

Jentene var heime med mannen i samband med modellfotografering. Dei var aleine i rommet då dei skifta klede og ukjende med at dei vart filma. Tilhøva skjedde i 2014 og 2015.

Ei av jentene, som er anonym i denne saka, fortel at han hadde masa på ho i fleire år før ho gav etter og blei med han heim for å ta bilete.

– Eg sa eigentleg nei, men nokre andre vener gjekk god for han. Det var kjempe dumt.

Ho fekk seinare vite med ei venninne at mannen hadde filma ho i skjul medan ho bytte klede.

Har teke for lang tid

Ifølgje dommen begynte han alt i 2010 med å nytte metoden, men dei eldste forholda er forelda og ikkje tatt med i denne straffesaka.

Den tredje av jentene blei først avhøyrt i januar 2016. Retten meiner saka skulle ha vore ferdig etterforska i løpet av sommaren 2015. Det er kritikkverdig at det samla har vore ei tid med inaktivitet på om lag to år. Den sikta erkjente forholda i slutten av mai same år.

– Han var litt eldre enn meg og spurde fleire jenter om kor mykje dei var villige til å kle av seg, fortel ei av jentene.

NRK har prøvd å kome i kontakt med mannen utan hell.

Forsvararen til mannen, Ivar Blikra, seier til BT at bileta ikkje er spreidde vidare. Modellfotograferinga blei ikkje reklamert for. Mannen har heller ikkje drive sitt eige selskap.

– Tidsbruken og særlege rehabiliteringsomsyn gjer at retten har funnet å kunne reagere med samfunnsstraff, seier forsvararen Ivar Blikra til BT.

Mannen har vedteke dommen.