Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra døydde av rabies

Helse Førde stadfestar at pasienten som vart innlagd for rabies døydde måndag kveld.

Sentralsjukehuset i Førde

DØDELEG VIRUS: Ei kvinne i tjueåra døydde av virussjukdomen rabies.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Pasienten døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.

I helga vart det bekrefta at ein person var innlagd på Førde sentralsjukehus med rabiessmitte. Den smitta var ei kvinne i tjueåra frå Hordaland, busett i Sogn og Fjordane.

Biten av hund

Kvinna vart biten av ein hund på reise i Søraust-Asia for to månader sidan. Sjukehuset fekk kjennskap til kontakten med hund sist torsdag, og laurdag stadfesta prøvesvar at ho var smitta av rabies.

Kvinna vart alvorleg sjuk og fekk intensivbehandling på sjukehuset i Førde, før ho døydde tidleg måndag kveld.

Fleire blir følgt opp

Den avdøde kvinna var i same reisefølge med fleire personar frå andre stader i landet. Dei blir no følgt opp av sitt lokale helsevesen.

Helse Førde vil halde fram sitt arbeid med smittevern blant eigne tilsette og andre som var i kontakt med pasienten.

Dødeleg sjukdom

Rabies er ein alvorleg virussjukdom som smittar frå dyr til menneske via bit, kloring eller slikking, ifølge Folkehelseinstituttet. I Noreg er sjukdomen svært sjeldan, dette er det første tilfellet på fastlandet sidan 1815.

– Rabies er eit av dei virusa som kan gje veldig alvorleg hjernebetennelse, fortel Kristine Mørch, overlege ved Haukeland universitetssjukehus, og leiar ved Nasjonal kompetanseteneste for tropiske infeksjonssjukdomar.

– Dessverre er det i dei fleste tilfella ein dødeleg virusinfeksjon, seier ho.