Hopp til innhold

Unesco-leiar: Verdsarv-statusen står i fare om det kjem gift-deponi

Tidlegare statsråd Tora Aasland, no leiar i det norske Unesco-rådet, vart forskrekka då ho høyrde at det kan bli aktuelt å lagre gift i fjellet Jordalsnuten ved Nærøyfjorden. I verste fall kan verdsarvstatusen stå i fare, seier ho.

Kanoar på Nærøyfjorden

POPULÆR VERDSARV: Nærøyfjorden har blitt eit enda meir populært reisemål etter at fjordlandskapet

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Leiar i den norske Unesco-kommisjonen, Tora Aasland, håpar at det slett ikkje blir noko av planane om å lagre giftig avfall i verdsarvområdet.

– Unesco har ei fareliste. Det er utsette stader som står overfor utfordringar på grunn av planlagde eller utførte inngrep som verkar inn på statusen. I verste fall kan området hamne på ei slik liste, forklarer Aasland.

Sidan 2005 har fjordlandskapet i Sogn vore på den høgthengande FN-lista over verdsarvstader. Tanken om å bruke eit av dei mest populære fjella i området som giftdeponi, fell ikkje i god jord hos Unesco-sjefen.

– Eg vart litt forskrekka då eg høyrde det, seier ho.

STATSRÅDSSKIFTE I DEPARTEMENTET FOR FORSKNING OG HØYERE UTDANNING

UNESCO-SJEF: Tidlegare statsråd og fylkesmann Tora Aasland.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Jubla i Telemark

I går vart det kjent at Brevik i Telemark høgst sannsynleg ikkje får avfallsdeponi, og der jublar dei for det, med pizzafest. I staden peikar eit ekspertutval på to andre moglege stader, mellom anna Gudvangen i Aurland – midt i verdsarvområdet.

Norsk Gjenvinning og Gudvangen Stein ser no på moglegheita for å opprette eit deponi for farleg avfall under bakken i Jordalsnuten.

Norsk Gjenvinning påpeikar at dette deponiet ikkje skal erstatte det tenkte deponiet i Brevik.

– Vi skal ikkje ta imot og væskehaldige kjemikaliar, og ei heller syrer. Dei avfallstypene vi ser på, er mineralske faste massar, slik som jord og betong, samt oske frå forbrenningsanlegg, som tar imot restavfall fra husholdninger, seier Randi Warland Kortegaard i Norsk Gjenvinning.

Ho forklarer også at mykje av oska er ordinært avfall, men at noko av det har høgare nivå av sink. Derfor blir det rekna som farleg avfall.

– Dette skal behandlast på ein trygg og forsvarleg måte, slik at det ikkje skal vere risiko for forureining.

Tora Aasland i Unesco seier at det farlege avfallet er eit samfunnsproblem, og at det er viktig å finne ein fornuftig stad å lagre avfallet.

– Men eg håpar i det lengste at denne plassen ikkje går vidare i vurderinga, seier ho.

– Ein grunn til at det heiter giftig avfall

NRK gjennomførte tysdag ein kort spørjerunde i Aurland. Fleire er skeptiske til deponiplanane.

– Eg synest ikkje det skal vere her. Dei burde finne andre plassar slik at det ikkje forureinar, seier Gerd Neshagen.

Andreas Dalland er einig.

– Det er nokså trist eigentleg. Sjølvsagt kan det bli ei inntekt, men det er jo farleg avfall. Det er ein grunn til at det heiter giftig avfall.

Andreas Dalland i Flåm er skeptisk til avfallsdeponi i Aurland

TRIST: Andreas Dalland er blant dei som ikkje ynskjer deponi til Aurland.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Må finne løysing innan 2025

Utvalet peikar også på Raudsand i Nesset i Møre og Romsdal og fjellmassivet Mulen i Odda i Hordaland.

Dei understrekar at dei ikkje har gjort djuptgåande analysar av Gudvangen og Odda, men:

– Det er seriøse aktørar som har jobba fram desse alternativa, og vurderinga vår er at dette er reelle og solide initiativ, seier utvalsleiar Ingrid R. Lorange.

I 2024 eller 2025 er det ikkje lenger plass til meir farleg avfall i deponiet på Langøya utanfor Holmestrand i Vestfold. Eit eller fleire alternativ må derfor vere klart i god tid før det.

UNDER BAKKEN: Her ligg fjellet som kan bli nasjonalt deponi for farleg avfall.

Jordalsnuten i Nærøydalen.

UNDER BAKKEN: Ideen er å plassere giftig avfall i gruvegangar inne i fjellet Jordalsnuten.

Foto: Arne Veum