UNE ankar dom om opphaldsløyve

Utledningsnemnda (UNE) har bestemt seg for å anke dommen der Oslo tingrett før påske avgjorde at iranske Maryam Bandari og dei to sønene hennar har krav på opphald i Norge. Familien sat kring eitt år i kyrkjeasyl hos pinsekyrkja Sion på Sandane. Bandari konverterte til kristendom i 2013, og meiner det vil vere ein for stor risiko for henne og sønene å flytte tilbake til heimlandet.