No håpar Ivar-Bjarne Underdal i stølsysteriet å få støtte frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen til å profilere osten ute i verda.
Lang tradisjon
Det har vore produsert ost i Undredalen omtrent så lenge det har budd folk der, og i 1992 utvida dei og moderniserte ysteriet.
"Slow Food", som er ein internasjonal organisasjon for produsentar av nisjeprodukt, står bak initiativet om å marknadsføre undredalsosten i resten av verda. Organisasjonen har som mål å folk til å opne augo for lokalproduserte varer, som osten frå Undredalen.
Gullalder
No skal dei til ei stor ostemesse i Italia, som samlar kring 200 000 besøkjande.
- Men det viktigaste på denne messa er ikkje å promotere osten frå Undredalen, men å profilere norsk matkultur i utlandet, seier Ivar-Bjarne Underdal.
Og no ser osteprodusenten i Undredalen lyst på framtida.
- Dersom det ligg ein nokolunde fornuftig næringspolitikk i botnen har vi gullalderen framfor oss, seier Underdal.