Hopp til innhold

To år etter alt skulle vere klart, vil kalde vinterdagar framleis gjere banane ubrukelege

Sogndal Fotball og Førde kommune vurderer rettssak mot selskapet som har levert kunstgrasbanar til dei. To år etter planen har selskapet enno ikkje levert undervarme som skal gjere at banane held seg mjuke, og is- og snøfrie, om vinteren.

Håkon Fimland

TO BANAR: Men når vinterfrosten kjem og banane vert knallharde med snø- og is, er dei ikkje brukande. Det seier prosjektleiar frå Førde kommune, Håkon Fimland. Saman med Sogndal, vurderer Førde no rettslege steg dersom selskapet som skal levere undervarme som held banane mjuke, og is- og snøfrie, ikkje leverer.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Haakon Fimland i Førde kommune går over to fine og mjuke kunstgrasbanar på ein mild og fin haustdag i Førde.

– Banen er fin den, kommenterer han.

Men om kort tid er dei kanskje ikkje like fine.

– Ikkje brukbar ved normal vinter

Selskapet Desso Sports Systems, som leverte dei to banane for Førde og ein bane for Sogndal, har ikkje greidd å levere sokalla undervarme som fungerer. Dette er eit system som skal halde banane mjuke, og is- og snøfrie, gjennom kalde vintermånadar.

Prosjektleiar i Førde kommune, Håkon Fimland beklagar.

– Eg tykkjer det er fortvilande på alle måtar. Fotballen hadde forventa eit heilårsanlegg, og det har vi ikkje greidd å få til. Eg må berre beklage at vi ikkje har lukkast så langt. Vi har halde på med dette i to år og ikkje kome i mål verken med konklusjonar eller løysingane, seier han.

– Når det vert vinter her – med snø, is, kulde og knallhard bane – så er han ikkje brukbar?

– Nei, og det var det vi hadde lagt opp til. Det skulle vere heilårsdrift her. Får vi ein normal vinter med kulde og snø, kan ikkje banen brukast, seier Fimland.

Skadefare og dårlegare trening

Knut Erik Folland

VIKTIG: Førde-trenar Knut Erik Folland seier undervarmen og banar det går an å spele på heile året, er viktig for utviklinga til både born og vaksne.

Foto: Rune Fossum / NRK

Grunna treningskvalitet og stor skadefare er det heilt uaktuelt for Førde-trenar Knut Erik Folland å sende spelarane ut på knallharde banar med snø og is.

– Det er ikkje eit tema for oss. Når det er snø og is på banen kan vi ikkje trene. Det har vi aldri gjort. Så det er viktig at denne undervarmen byrjar å virke snart.

Folland seier både kommunen og idrettslaget har stått på og jobba godt for at undervarmen skal kome på plass. No håpar han det skjer før vinteren: For utan undervarme vert det mindre til fotball.

– Det avgrensar moglegheitene for å skape utvikling, både i desember, januar, februar, og kanskje også mars. Det seier seg sjølv at å miste fire månadar med grunntrening i fotballtrening både for seniorspelarane, men kanskje spesielt ungdomsfotballen, er uheldig, seier Folland.

Det har dei prøvd før, når dei pendla for å trene. Men å gjere det med 20–30 lag går ikkje, meiner Folland. Då endar dei med alternativ trening.

– Då får du mindre utvikling, spesielt på aldersbestemt nivå. Det er 100 prosent sikkert, seier han.

– Totalt uhaldbart

Også i Sogndal har det teke tid. Lang tid. Baneløysinga skulle vere ferdig på seinsommaren 2012.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, er skuffa.

– Det er alt anna enn bra. Undervarmen hjå oss er dessverre like uavklart som tidlegare. Det er ein totalt uhaldbar situasjon for oss, seier Mundal.

Stoggar alle utbetalingar – vurderer rettssak

Sogndal Fotball har brukt fleire millionar totalt på heile baneprosjektet. Men Mundal ynskjer ikkje å gå i detaljar på sum. Førde har brukt 6 millionar totalt på banane,

Men no er det stopp. Sogndal og Førde går saman. Håkon Fimland seier Førde kommune held tilbake nye 3,5 millionar kroner, så lenge selskapet ikkje får undervarmen på plass.

Egil Mundal

DAGLEG LEIAR: Egil Mundal i Sogndal seier situasjonen er uhaldbar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi vil ikkje betale noko meir før vi får anlegget opp å gå. Vi har hatt ein første runde mellom Sogndal og Førde, der vi nektar å betale selskapet restbeløpa før dei kan dokumentere at det fungerer, seier Fimland.

Ifølgje Mundal i Sogndal kan saka ende i rettssystemet.

– Når det går så lang tid utan at dei leverer det dei har sagt, vil det ikkje vere unaturleg at det vert ei rettsleg avslutning på ei slik sak.

Selskapet trur systemet snart vil fungere

Desso Sports Systems er selskapet som i to år har feila i forsøket på å få undervarmen på plass i Sogndal og Førde. Peter van Reijen er prosjektleiar i Desso, med tittelen Technical Manager Artificial Turf. Han trur det vil løyse seg med betaling og utan rettssak.

– La meg seie det slik: Vi, Førde og Sogndal har inngått ein avtale. Basert på ei rekkje føresetnader skal vi få betalt. Og eg er sikker på at når vi har saman har laga denne kontrakten, så vil den verte følgt av Førde og Sogndal, på same måte som vi skal oppfylle krava i kontrakten.

(Artikkelen held fram under videoen)

I sommar investerte fotballaga til Sogndal og Førde, millionar i kvart sitt avanserte undervarmeanlegg.
No viser det seg at ingen av dei virkar - og Sogndal kan per i dag ikkje garantera at Fosshaugane er klar til første heimekamp 17. mars.

SJÅ TV-SAK: Denne saka er frå 28. januar 2013. Problemet med undervarmen er ikkje nytt.

Han seier eit analyseselskap har evaluert systemet for undervarme.

– Analysen viser at systemet vil fungere. Vi fekk 16 punkt til forbetring, og er ferdige med nesten alle. Vi har eit par punkt som står att, og vi skal til Førde og Sogndal i slutten av denne veka og starten av neste veke for å jobbe med det, seier van Reijen.

Van Reijen forstår frustrasjonen i Førde og Sogndal. Men han meiner ein må forvente at uventa ting kan dukke opp med pilotprosjekt som dette. Han seier dei har gjort alt i si makt for å ordne det så raskt som mogleg.

– Det viktigaste er at analyseselskapet har vist at systemet vil fungere. Når vi har gjort tilpassingane, er eg trygg på at det vil fungere denne vinteren.

Kan hamne i retten

Fimland i Førde kommune viser også til analysen, og håpar og trur undervarmen skal kome på plass, to år etter planen. Han seier dei er nøydde til å tru på det.

– Dersom dette nok ein gong, etter to år, ikkje skulle kome på plass: Kva gjer de då?

– Nei, då hamnar det i retten, tippar eg. Sogndal og vi er samde om at dersom dei ikkje får det til, har vi ikkje tenkt å betale dei noko som helst. Dette kan dra ut, og vi er veldig spente på kva det endar med, seier Fimland.