NRK Meny
Normal

Underteiknar unik avtale

Marknadsføring står sentral når ein avtale om samarbeid mellom Den kinesiske mur, Pyramidene i Egypt og Sognefjorden vert underskriven på Sognefjorden i slutten av august i år.

Pyramidane, Sognefjorden og den kinesiske mur
Foto: Erlend Aas, Scanpix, Brit Jorunn Svanes, NRK, Wibecke Lie, NTB

- Då kjem delegasjonar både frå Kina og Egypt, og Sognefjorden hamnar i aller øverste divisjon, seier spesialrådgjevar Lidvin Osland i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

- Fantastisk avtale

Avtaleutkastet har tre punkt som i generelle vendingar seier at dei tre partane skal utveksle erfaringar, lage felles marknadsføring og utdanning basert på bærekraftig turisme og god forvalting av kulturarven, som det heiter. Reiselivsmannen Sigurd Kvikne på Kvikens hotell i Balestrand meine avtalen er gedigen.

- Det er heilt fantastisk. Det finns knapt reisemål som har betre renommé og større besøkstal enn desse to reisemåla. Og når no Sognefjorden blir presentert både i Kina og i Egypt er dette utruleg, seier Kvikne.

Vil lage film

Men både Kvikne og Osland ser at det er opp til oss sjølve å fylle avtalen med konkret innhald.

- Vi må nok investere litt for å få noko igjen, så det må nok gjerest ein jobb, seier Kvikne.

Osland meiner det bør lagast ein film som viser fjordane.

- Vi må kunne forklare og vise kva for eit meisterverk ein fjord er, seier han. 

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser