Hopp til innhold

Vil skape fleire unge gründerar

NORDFJORDEID (NRK): Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane og Eid kommune signerte i dag ei avtale som skal sørgje for at ein får meir entreprenørskap inn i skulen.

 Underteikna samarbeidsavtale

SIGNERER AVTALE: Holger Aasen i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane og kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen, underteikna ei samarbeidsavtale for å få entreprenørskap inn i skulen.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Målet er å styrkje ungdom si evne og kompetanse til å meistre framtida.

– Dette er noko av det viktigaste vi kan gjere for å setje born og unge i stand til å møte framtidas arbeidsliv, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune.

I dag hadde Bjørlo samla representantar for grunnskulen og den vidaregåande skulen, kommunalsjefen, Malakoff Rockfestival, Nordfjord Vekst og Ungt Entreprenørskap til underteikning av samarbeidsavtale mellom kommunen og Ungt Entreprenørskap.

Samarbeid mellom skule og næringsliv

Avtalen skal føre til at entreprenørskap blir ein del av skulekvardagen for born frå 1. klasse fram til dei har fullført vidaregåande skule.

– Vi skal lære opp born og unge i å tenke korleis ein kan skape nye idear og sette dei ut i livet. Kontakta mellom skule og næringsliv skal no vere gjennomgåande i heile skuleløpet i Eid, seier Bjørlo.

Kommunen betalar ein årskontigent på 10.000 kroner årleg for å ta del i samarbeidet. Bjørlo trur kommunen får mykje att for investeringa.

– Desto fleire som lærer seg å skape sin eigen arbeidsplass og sjå moglegheiter i eige lokalsamfunn, jo fleire trur eg vil slå seg ned her og bli buande i regionen på sikt, seier han.

Aasen og Bjørlo

POSITIVE: Holger Aasen i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane og ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, trur samarbeidsavtalen vil skape nyetableringar i regionen.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Ønskjer seg nyetableringar

Holger Asen i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane fortel at ein har ei liknande avtale blant anna i Vågsøy kommune og i Stryn kommune. Han trur samarbeidet kan føre til at born og unge får ein felles utgangspunkt.

– Vi får ein arena der skuleverket frå 1. – 13. klasse går saman om noko felles. No får ungdomane ein lik basis når ein seinare møtast på dei vidaregåande skulane i regionen, seier han.

Aasen meiner avtalen skal føre til at det blir enklare for unge å starte si eiga bedrift.

– Vi håpar at dei unge i Sogn og Fjordane skal kome heim etter at dei har vore ute og tatt utdanning, samt fått nokre nye impulsar, skal ved hjelp av den felles bakgrunnen starte opp nyetableringar – for det treng vi, seier han.

Samarbeid skapar suksess

Guddal og Sivertsen

TRUR PÅ SUKSESS: Gunn Guddal i Malakoff Rockfestival og kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen, håpar samarbeidsavtalen vil at alle elevane skal få opplæring i entreprenørskap.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Malakoff Rockfestival har samarbeidd med Ungt Entreprenørskap sidan starten, då festivalen var ei elevbedrift. Administrator i Malakoff Rockfestival, Gunn Guddal, seier samarbeidet har bidrege til suksessen.

– Dei som starta festivalen var elevar på Eid vidaregåande og dei hadde god kjennskap til Ungt Entreprenørskap sin måte å tenke på, modellar og program. Dette var årsaka til at dei såg moglegheitene og tenkte at her skal vi skape noko flott, seier ho.

Guddal trur samarbeidsavtalen kan vere med på å fostre fleire suksesshistorier.

– All forsking viser at desto tidlegare ein startar med den måten å tenke på, desto enklare er det å starte si eiga bedrift seinare, fortel ho.