Normal

Undersøker juledekorasjonar i samband med brannetteforsking

Politiet meiner ein elektrisk feil er årsaka til bustadbrannen i Svelgen 30. desember. Blant anna har dei no sendt inn ein juledekorasjon til nærare undersøking.

Lensmann Hans Rune Strandos med branntomta

MEINER Å VITE KVAR BRANNEN STARTA: Hans Rune Strandos er lensmann i Bremanger.

Foto: Emilie Leirvik

–Vi undersøkjer ein del elektriske komponentar, blant anna ein juledekorasjon, seier lensmann Hans Rune Strandos.

Fire personar miste alt dei eigde då eit hus i Svelgen vart totalskadd i brann rett før årsskifte . Politiet har avslutta etterforsking på brannstaden, og meiner å vite kvar i stova brannen har starta. Strandos seier dei også har utelukka andre brannårsaker enn elektriske.

– Vi er der no, at vi har hamna på ei elektrisk årsak.

– Når reknar de med å kunne få svar på analysen av dei elektriske komponentane de har sendt inn?

– Det kan eg ikkje seie noko om i dag, ting tar tid, seier.

Vegopning på Bergum i Førde kommune